Ingrid Slettemeås (f.v.), Symre Taugbøl Bang og Gunhild Kvålseth var blant dei mange aktørane på Sjokoladekappleiken i Seljord.
Ingrid Slettemeås (f.v.), Symre Taugbøl Bang og Gunhild Kvålseth var blant dei mange aktørane på Sjokoladekappleiken i Seljord.

Pynta seg til kappleiksfest

125 unge deltok på den ellevte Sjokoladekappleiken i Seljord.

Gamlesalen i Granvin kulturhus var fullsett, og vel så det, då den ellevte Sjokoladekappleiken blei arrangert. Totalt var 125 deltakarar i alderen 4 til 16 år på scena. Dei fleste kom frå Seljord, men det var også unge folkemusikarar frå Bø, Sauherad, Tinn, Rauland og Kviteseid. I alt var det 60 sceneinnslag. Med deltakarar, arrangørar og publikum var kring 300 menneske til stades i Gamlesalen.

VTB tok ein prat med morgedølane Symre Taugbøl Bang (7) og Ingrid Slettemeås (6) og Gunhild Kvålseth (6) frå Ordal før dei skulle på scena. Dei innrømte at dei var nervøse før dei skulle traktere fela framfor ein fullsett sal, men dei var likevel trygge på at det skulle gå bra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ikkje vanskeleg når ein har lært det, forsikrar Symre, og legg til at det er mora som er læremeisteren.

Symre har spelt fele sidan ho var fire år, og har også vore med på kappleik i Bø. Ho er sikker på at det blir fleire slike arrangement i framtida.

Fele og handball

Ingrid og Gunhild har spelt fele sidan i haust, og alle dei tri er med i kulturskulen i Seljord.

– Eg kjem nok til å halde fram med fele, men eg har litt lyst til å spele handball også, seier Gunhild.

– Eg likar både fele og riding, seier Symre.

Dei spelar både kvar for seg og saman. I Seljord stod dei på scena i lag.

– Det kan vera litt vanskeleg å spele saman, men det er også ein fordel om ein kjem litt ut av det, for då kan ein ta pause og så byrje spele att når det passar. Og ingen merkar det, seier Symre.

Om det er musikalske foreldre som skal ha æra for at dei spelar fele, er dei litt usikre på, men på spørsmål om dei sjølve er musikalske, er det ingen tvil.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, svarar dei i kor.

Alle deltakarane får sjokolade som premie, men det er ikkje berre søtsaker å få. Tannlegar i Seljord leverte tannbørstar og tannkrem til utøvarane.

Helena Isaksen er ikkje meir enn 4,5 år, men var ikkje debutant. Ho var nemleg med på Sjokoladekappleiken også i fjor. Den unge kvedaren sette spesielt pris på at det var sjokolade som premie.

Inspirasjonspris

Helge Sigurd Amdal Telnes og Ingrid Gjerlid fekk Magne Manheims inspirasjonspris på Sjokoladekappleiken. Prisen blei delt ut for femte gong.

Sjokoladekappleiken er eit uformelt arrangement der ungar som driv med dans, spel og kveding kan delta. I staden for poeng delar dommarane ut sjokolade som premie. Ungane får god trening i å opptre, og målet er å få flest mogleg deltakarar på scena.

Seljord spelemannslag arrangerer kappleiken saman med Seljord aspirantlag, Tusseleiken og Seljord juniorspelemannslag.