Pelsproduksjon på Rauland kan gje 7 arbeidsplassar
Øyvind Hermansen, Skien har av DU fått eit etableringsstipend på kr. 10.000 pr. månad i 6 månader. Pengane skal nyttast til planlegging og tilrettelegging for ny produksjon i Rauland. Hermansen jobbar no som formann ved Solberg Pelsberederi Skien og vil slutte der for å starte opp produksjon av barneposar av lammeskinn i Rauland. Hermansen fortel til Vest-Telemark Blad at han har fått leigd ein del av industribygget til Ove Hovden. Skinna skal kome til Rauland som halvfabrikat. Tilskjeringa vil skje i industribygget, medan syinga skal gå føre seg i Handverksbui.
Les meir i VTB-arkivet(ope for alle VTB-abonnentar og dagspass)