Britt Lio framførte «Let it be».
Britt Lio framførte «Let it be».

Beatlemania på Dalen

For mange blei fredagskvelden i kulturhuset på Dalen ei reise tilbake til ungdomstida.

Historia om Beatles er som eit eventyr frå dei blei oppdaga av Brian Epstein på The Cavern i Matthew Street, Liverpool ein novemberdag i 1961. Neste år er det 40 år sidan bandet offisielt blei oppløyst. Beatles blir rekna som den mest populære gruppa i rockehistoria med meir enn ein milliard selte plater.

Mange hadde møtt fram for å få med seg Tokke songlags Beatles-konsert i kulturhuset på Dalen. Songlaget hadde ikkje rekna med meir enn 100 tilskodarar, men heile 130 menneske i alle aldrar ville få med seg konserten og showet fredagskvelden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette blir tilbake til ungdomstida for fleire enn meg. Ein kan elske eller hate Beatles, men ein kan ikkje ignorere dei, opna dirigent Stanley Blackburn med.

Tokke songlag arrangerte konserten, men dei hadde gode hjelparar. Bandet med Tom Bråten, Johnny Johansen og Lukas Radziej var sentrale i fleire av dei populære låtane, medan talentfulle Johnny Kvaale Bjerk sette den ekstra lille spissen på konserten. Og på pianoet var som vanleg Zbigniew Radziej i sitt ess.

Med dirigent Blackburn opna songlaget med «With a little help from my friends». Deretter kom dei på rekkje og rad; «Here comes the sun», «A hard days night», «All my loving», «Eleanor Rigby», og mange, mange fleire. Dei frammøtte fekk også høve til å vera med i konserten på nokre utvalte allsongar. Fyrste økt blei avslutta med den fantastiske «Yesterday».

Etter pausen heldt høgdepunkta fram. «Eight days a week», «Let it be» og «Imagine» var blant det publikum fekk oppleve i den andre økta, i tillegg til Lillebjørn Nilsens versjon av «Hey Jude»; «Hei Knut».