Pendlar-terapeuten
Ida Rosseland (28) har starta som privatpraktiserande fysioterapeut på Dalen. Ho pendlar dagleg frå Valle, og held til i dei same lokala som fysioterapeut Vidar Vindal.
– Eldrebylgja råkar oss for fullt og samhandlingsreforma har også gjort at me som fysioterapeutar har det travelt. Eg blei veldig glad då Ida ynskte seg til Dalen. No har me samla all privatpraksis under same tak, smiler Vidar Vindal (64), som etter at han flytta tilbake til heimkommunen har hatt privatpraksis der i ti år.
Flytta frå Evje til Valle
Ida Rosseland arbeidde tidlegare i Eiken i Hægebostad kommune i Vest-Agder, og då pendla ho frå Evje – ein tur på litt over fire mil kvar veg. Etter at ho starta i Tokke flytta ho og sambuaren til Valle.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Sambuaren overtok garden etter foreldra sine, og me flytta til Valle etter at eg hadde sikra meg jobben i Tokke. Då falt brikkene på plass, smiler Rosseland.
Draumejobben
Ho fortel at ho lenge har hatt lyst til å starte eigen praksis, men at det er lenge mellom kvar gong det opnar seg slike høve.
– Me har valt å bu på landsbygda og då veks ikkje slike tilbod på tre. Derfor er eg så fornøgd med å ha kome til Dalen. Eg leiger lokale og utstyr av Vindal, og det er gøy med alt utstyret, seier ho.
Rosseland fortel at ho stortrivst så langt, og at pendlarvegen er ein god start på dagen.
– Det er så fint over heia, og dei seks mila går etter måten kjapt å køyre. Det er litt lenger frå Valle til Dalen enn frå Evje til Eiken, der eg pendla fire år, men det er mykje betre veg over Skafsåheii. Dette er jobben eg har drøymt om, fortel ho.
Viktige driftstilskot
Tokke kommune gjev årlege driftstilskot til privatpraktiserande fysioterapeutar, og det betyr også mykje for både Vindal og Rosseland.
– Det gjev oss ein tryggleik i botn, seier dei.
Båe to opnar også for at dei kan utveksle pasientar, slik at ingen møter stengde dører på vekedagane.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Etter at eg byrja her 2. januar har vegen over heia vore stengtein dag. Då er det godt å vite at det er nokon som kan ta seg av pasientane mine, seier Rosseland.
– Eg er politisk aktiv, og tidlegare måtte eg stengje dørene om eg skulle på formannskapsmøte eller andre typar møte. No slepp eg å få dårleg samvit for det. Så dette gjer at eg no gler meg til å gå på jobb att. Eg vedgår at det var ein periode det var for hektisk til at eg klarte å gle meg i stor grad. Eg har rett og slett fått ein mykje betre kvardag, fortel Vindal.
– Det er også positivt for kommunen at det kjem nyetableringar til Tokke. Me har vel ikkje vore for bortskjemte med akkurat det, legg han til.
Fagmiljø
Både Rosseland og Vindal meiner dei kan trekkje vekslar på kvarandre fagleg sett også.
– Om me ikkje utgjer noko stort fagmiljø vil eg likevel seie at me faktisk er eit fagmiljø. Ida er nokså nyutdanna, i alle fall samanlikna med meg, og har mykje fersk kunnskap. Så kan eg kan bidra med erfaring. Dermed kan me sparre med kvarandre dersom me har faglege utfordringar, forklarer Vidar Vindal.
Nye reglar for fysioterapi
Før måtte lækjaren skrive rekvisisjon dersom ein pasient skulle ha fysikalsk behandling hjå fysioterapeut. Slik er det ikkje lenger.
– Nei, no skal pasientane kome fyrst til oss dersom dei har «vondt», så blir det opp til oss å vurdere om me skal behandle vedkomande, eller om me skal sende pasienten til lækjaren fyrst. Det er eit stort ansvar for oss, men det betyr også at me har stor tillit, seier Vindal.
Det er også slutt på at enkelte grupper har gratis fysioterapi. I januar 2017 kom det nye reglar som seier at berre dei under 16 år og dei som har påvist yrkesskade har rett til gratis behandling. Alle andre må ut ned ein eigenandel på 2 000 kroner.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det er likevel rett å seie at me har særs gode ordningar i Noreg, smiler Vindal.
Lymfedrenasje
Rosseland fortel at ho kan tenkje seg å ta litt tilleggsutdanning.
– Eg har lyst til å lære meir om lymfedrenasje, og eg veit at Tokke kommune også ynskjer at me får større kompetanse på det feltet. Etter at Alf og Gabi Tveit gav seg som fysioterapeutar er det vel ingen andre som sit med den kunnskapen i Tokke, forklarer Rosseland.
Dei er samde om at helsetilbodet på landsbygda slett ikkje er så verst.
– Så lenge me samarbeider godt på alle baugar og kantar har me etter måten eit bra tilbod, seier dei.