Samla inn 40 000 på solidaritetsdagen
Elevane i skulane på Dalen og Åmdals Verk arrangerte saman med lærarane den fjerde årlege solidaritetsdagen på rad. Mange frammøtte på kulturhuset sytte for 40 000 kroner til eit skuleprosjekt i Tanzania.
– Det er så mykje fint å få kjøpt her i år. Det er vanskeleg å nemne alt, men elevane og vaksenopplæringa, har mellom anna laga diverse tova produkt, mat i ymse variantar derav mellom anna eplechutney. Dei har laga meisbollar med fuglefrø og mange produkt i naturmateriale, fortel Tone L. Skaalen, rektor ved Tokke skule.
Flinke til å bidra
Ho fortel at mange privatpersonar har vore innom med gevinstar til loddsalet deira.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Og dei som møter fram i dag er gjerne både foreldre, besteforeldre, slekt og vener og dei handlar mykje både av varer og lodd. I tillegg har me også uteaktivitetar som balltriksing og meir til. Og me har gjettekonkurransar, seier ho.
Andletsmåling var ein av dei mest populære aktivitetane denne dagen, og særs mange av den yngre garden hadde tigerandlet denne tysdagen.
– Det har vore full fres for oss som har drive med dette i dag, fortel 10. klassingen Tyra Marlene Prent Blomhaug.
Oppussing av rom
Som tidlegare år skal innkomne midlar gå til skule- og internatprosjekt i Tanzania. Rektoren fortel at pengane, som til slutt talde 40.000 kroner, skal gå til å pusse opp eit internat som ligg ved sidan av ein ungdomsskule i området rundt fjellandsbyen Mgeta i Tanzania.
– Det blir pussa opp fem rom som skal huse 20 ungdomar. Mellom anna skal det bli kjøpt inn bord og møblar, og det skal også bli mogleg å varme opp romma, fortel Skaalen.