Ordføraren i Lårdal ville oppmode konge og regjering til å erklære landet nøytralt: «Før ikkje fleire norske ungdomar til slaktarbenken»

På grunn av at det var få i området som delte synet til Olav Sending «vart det ikkje råd å få gjort det so ein kunne vona det kom fram».

Det NS-styrte Innanriksdepartementet oppretta eit Institutt for historisk forsking som skulle sikre kjelder for ettertida. Alle fylkesmenn og ordførarar fekk i oppdrag å skildre krigshendingane våren 1940 i sitt fylke og i sin kommune. Rapportane finst for heile landet og er til saman på meir enn 5000 sider.

Arkivverket har no publisert nye dokument og foto frå 2. verdskrig i Digitalarkivet. Tre kommunar i Vest-Telemark responderte på oppmodinga frå departementet: Lårdal, Fyresdal og Rauland.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ærklær Norge nøytralt»

Skrivet frå Tokke-ordførar Olav Sending er datert 9. mai 1942. Han skuldar på at han ikkje har fått noko respons frå medlemane i heradstinget som blei oppmoda om å kome med sine framstillingar.

«Det som her vert meldt er difor berre inntrykk slik som ordføraren åleine fekk dei av tilhøva», skriv han.

Sjølv var Sending på veg til tømmermåling 8. april då han høyrde på radioen at engelskmenn hadde lagt ut miner ved kysten.

«No kjem krigen til Noreg», konstaterte han til dei andre i husstanden.

Dagen etter høyrde han i telefonen om «verdenshistoriens største sjøslag utanfor norskekysten».

Sending var formann i forsyningsnemnda og sette straks i gang arbeidet med å få heim lager av matmjøl.

«Når ein tek omsyn til at det var i verste vårløysinga med blaute og oppkøyrde vegar, må ein segja at det lukkast over det ein kunne venta», skriv han, og legg til at det var ein trafikk ingen hadde sett maken til på riksvegen over Høydalsmo.

Han skriv om at tyskarane raskt hærsette landet, noko som skapte rådville blant dei som fekk mobiliseringsordre.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Ein såg ikkje so lite feighet og vilje til å finne årsaker til ikkje å møta fram. Det var ingen plan i mobiliseringa», skriv Sending.

Han melder ikkje om eigentlege krigsoperasjonar i Lårdal kommune, men ein registrerte kva som skjedde i Vinje – berre 15 kilometer frå Høydalsmo.

Etter at Telemark regiment kapitulerte på Heistadmoen blei det organisert motstand i Vinje med ein front ved Lio (for stenging av hovudvegen til Vinje) og ved Åmot, Ytre Vinje for stenging av vegen over Grønlihei.

Han skriv om befalshavar Hanevig i Vinje og om at folka hans hadde tydeleg full kontroll over telefonen ovanfor Seljord. Sending skriv at dei fyrste tyske troppane for vestover forbi Høydalsmo om natta. Det blei meldt til Vinje at dei kom over Grønlihei.

«Men av ein eller annan grunn hadde tyskarane snudd og fare attende ubemerkt forbi Høydalsmo, over Stavliheia til Dalen og vidare til Vrådal. Dette var visstnok berre ein liten tropp. Eit par dagar seinare kom ein større tropp med bilar og stridsvogner sama veg til Høydalsmo og for vidare til Vinje».

Sjølv var Sending ein av to tømmermålarar som møtte den tyske avdelinga ved Mostøyl bru. Han skriv at dei truleg var mistenkelege og at tyskarane kvakk til då dei såg dei. Då den tyske løytnanten fekk sjå merkelappane frå Telemark Tømmermåling gav han ordre til å passere.

Om krigshendingane i Vinje kan Sending ikkje rapportere noko «påliteleg».

«Berre veit eg at det var ein fåfengd, vonlaus og vetlaust strid som på fyrehand var opplagd tapt», skriv han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han oppmoda Vinje-ordføraren i eit skriv om å få ende på striden og tinge om fred. Det blei gjort etter nokre dagar.

«Diverre laut fyrst nokre soldatar lata livet, fyrr det vart avblåst strid», skriv Sending, som i dei same dagane «brann etter å få sende styresmaktene – dvs kongen og Nygårsvoll-regjeringa ei oppmoding om å ærklæra landet nøytralt å vende attende til sine plassar fyrr det var for seint, men som tilhøva var her – med få av dette syn – vart det ikkje råd å få gjort det so ein kunne vone det kom fram».

«Eg hadde det i få ord nedskrive slik: «Før ikkje fleire norske ungdomar til slaktarbenken. Ærklær Norge nøytralt», er tankane frå ordføraren.

Han var sikker på at det var den rette vegen og var uroa for å ikkje få melde det vidare til dei som styrte. Men skriv: «No er eg glad det ikkje gjekk so.».

Frå kommunane: Ordføraren i Lårdal ville ei stund at Noreg skulle bli erklært nøytralt.

Vidare skriv han om tyskarane som var innkvartert i Lårdal skule og at alt gjekk fredeleg for seg. Dei var også til stades i kyrkja, og ordføraren meiner det var synleg at dei blei rørt då kyrkjelyden song ferdrelandssalmen.

«Ein kunne sjå gråten vilde bryta fram hjå dei», skriv han.

Elles skriv ordføraren om moralen til dei sivile. Han karakteriserer den som «lite tiltalande».

«Dei berre klynka og klaga over små daglege ting, som skort på komfort og mangel på det dei var vane med å ha i fredstid».

Artikkelen held fram under annonsen.

«Etter kvart som den norske frisendar og den norske radiosending frå London fekk tak på folket vart moralen deretter. Det er reint utruleg kor rått alt vart slukt frå desse sendarar. Folk liksom lika å tru på lygna. Den vart gripi framom sanninga. Ein kan etter dette spyrja om ikkje det norske folk er meir mottakeleg for lygn og vondskap enn for sanning og rett», avsluttar Lårdalsordføraren.

Lensmannen orienterer

I Fyresdal har ordførar Eivind Spockeli gjeve lensmann Andreas Berge oppgåva med å orientere «då han hadde det meste og den beste greide om forholda». I skrivet som er underskrive 31. august 1941 skriv han at han undra på at storting og regjering ikkje mobiliserte då engelskmennene la ut miner langs norskekysten.

«Eg var på rikstelefonen fleire vender om dagen og fyrespurde utan at noko vart gjort. So kom 9. april og krigen braut ut og mobiliseringsordren kom», skriv han.

Berge hadde tre søner, to av dei var fenrikar ved Oskarsborg. Den tredje var heime, men reiste til sitt regiment Agdersiden. Det blei mobilisert mannskap. 10. april blei det sendt ein stor bil «stappa» med soldatar «yver Vinje til Sætesdal (Evjemoen)». Lensmannen fortel om stor motivasjon blant gutane. Han skriv om planane og om «stridhuga» folk som øvde på å møte eventuelle luftangrep av fallskjermsoldatar.

Med ein veg inn i bygda var Fyresdal avstengt, men det var vakt på vegen og også i Folkestadbyen om natta. Vaktene skulle varsle lensmannen om noko skjedde.

«All vakt blei utført av bygdefolk og alle var viljuge,» skriv lensmann Berge.

Formannskap og bank sytte for at fyresdølane hadde mat. Alle lastebilane blei utkommandert til Skien etter varer.

Lensmannen fortel om at det i mai kom soldatar på ski frå kampane på Vestlandet. Han hugsar spesielt fire frå jegerkompaniet som hadde gått på ski i tre veker. Dei hadde 29 kroner då dei starta turen, men var blakke då dei kom til Fyresdal. Dei var utsvelta, men ved godt mot. Dei fekk klede og fem kroner av lensmannen og drog vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel igjen om bygdefolket som var «stridhungrige» så lenge striden stod på.

«Etterpå kom motløysa og tvilrådet», skriv lensmannen, og legg til at dei ikkje såg tyskarane, bortsett frå nokre husvære som blei rekvirert.

Lite å melde frå Rauland

«Ein skal med dette få upplyse at det er lite å melda frå krigshendingane for Raulands vedkomande, då me ikkje kom i direkte samband med sjølve krigen,» skriv ordførar Einar Vaagen til departementet 16. juni 1942.

Han fortel at folk blei litt «uppskaka» då det vart slag i Vinje, men ikkje verre enn at alt gjekk roleg for seg.

«Og då ein tysk tropp på ca. 40 mann kom derifrå for å taka inn Rauland, vart det ikkje gjort teikn til motstand ein gong, men alt saman gjekk i sitt normale gjengen. Dei som var ute i krigen herifrå kom velberga heim att alle saman,» avsluttar ordføraren.