På campingtur i eiga bygd
Treungar har i årevis valt det moroaste som er under bygdas festival – å bu på campingen med møblement og eit vanvitig musikkanlegg.
For fjerde året på rad er Jan Tore Lauvdal, Øystein Fjalestad og Lars Magne Nordgaard-Tveit blant treungane som buset seg på campingen til Treungenfestivalen.
– Det stod att ei stor campingvogn utan skilt etter ein festival, og Jørgen Solberg spurde om me ville ha ho. Det sa me ja til. Etter camping tre år på rad på festivalen takla ho ikkje meir. Nå har me fått tak i ei anna vogn, seier Lauvdal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han og dei to kameratane er godt i gang med å rigge campingeininga på sin faste plass, ikkje langt unna matsalet og scena på festivalcampingen. Ikkje alt gjekk etter planen i starten. Kjøleskåpet byrja å lukte brent, og kontakten blei tatt ut i ei viss fart. Heldigvis fekk dei tak i eit anna skåp i Treungen.
– Elles hadde me hatt eit problem, seier trioen.
Stinn brakke
Dei er fem kameratar som innan fredag er samla i vogna. Alle har bustader i nærområdet.
– Kan de ikkje bu heime under festivalen?
– Det er det som er festival å bu her og gjere som ein vil, svarar Nordgaard-Tveit.
– Det er noko eige med å bu her, legg Lauvdal til.
I teltet inntil campingvogna har dei eit kraftig musikkanlegg. Utpå kveldane kan det vere heile 50 personar på same tid i eininga.
– Er det dikkon eller musikkanlegget som trekkjer?
Artikkelen held fram under annonsen.
Trioen svarar at det er livet i teltet.
– Kva med jenter?
– Er vel i fåtal, seier Fjalestad.
– Ja, men utover natta snur det ganske bra, skyt Nordgaard-Tveit inn.
– Sjekkeplass?
– Det er kva du gjer ut av det, svarar Fjalestad lurt.
– Eg skal ikkje uttale meg …, seier Nordgaard-Tveit.
Ligg i bitar
For gjengen går det sundt eit kjøleskåp og nokre sofaer kvart år.
Artikkelen held fram under annonsen.
– All innreiing ligg i bitar.
– Ryddar de opp etterpå?
Trioen svarar ja, og meiner dei er heldige som er frå Treungen. Då kan ryddinga vente nokre dagar.
– Me får lov til å hente vogna og alt rotet når me er i slag til det.
– Kva er det beste med festivalen?
Alle tre er raskt samde: – Campinglivet er det moroaste – det blir eigentleg lite konsertar.