Vil gjerne ha nytt konsertområde
Jørgen Solberg ynskjer seg eit nytt område for konsertane på Treungenfestivalen. Arrangementet vil få fleire endringar framover. Det blir mellom anna eigen festival for dei unge to veker tidlegare enn før.
Det Jørgen Solberg var mest fornøgd med under Treungenfestivalen 2017 var at ein klarte å utvide campingen til å ha rundt 1500 einingar, inkludert dei 127 små hyttene arrangøren har kosta 2,5 millionar kroner på å lage sjølv. Nesten 1000 bilar parkerte inne på campingen, og kunne ein få plassert halvparten av dei ein annan stad, ser Solberg at ein vil få plass til mange fleire campingeiningar.
– Campingen bergar festivalen. Det er veldig lite dagbesøk til konsertane, dei fleste kjem frå campingen, erfarer Solberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Hyttecamping også for andre
Han har utfordringar på konsertområdet på Sommarsletta rett i sørenden av Nisser. Plutseleg kan det kome nokon vindkast som ikkje er greie. Og så er det for smal innfartsåre til området. Derfor kunne Solberg tenkt seg ein annan plass i Treungen å ha konsertane og der det er grei plass til både inngangs- og utgangsåre ikkje tett på kvarandre. Om han får ordna eit alternativt konsertområde får tida vise, men ynsket er der i alle fall.
Vidare kunne Solberg tenkt seg å få på plass ny småhyttecamping mellom idrettsbanen og festivalcampingen. Der kan hyttene stå heile året, idrettslaget kunne låne hyttene til sine arrangement og kanskje kunne ein få opp eit skikkeleg sanitæranlegg med rundt 20 dusjar.
– Me får sjå korleis økonomien utviklar seg. Kanskje kan me også få til eit parkanlegg i området. Det er nedanfor Tveitsundbrua potensialet ligg, seier Solberg.
Økonomistyring
Han har nokon utfordringar på den økonomiske biten av festivalen, men presiserer at det ikkje er fare for arrangementet.
– Eg har fått meg nokon veldig artige aha-opplevingar på likviditet og økonomistyring. Eg er nøydd til å bli betre på dette, og har sist haust studert i to fulle veker om økonomistyring. Økonomi er så komplisert og moro, og noko heilt anna enn eg trudde. Det har nå vore to år med litt underskot på festivalen, men han skal gå med overskot, seier Solberg om eit klart mål.
Festivalen er framleis i oppbyggingsfase, og det er kjøpt inn ein del ting som blir avskrive på fleire år. I tillegg til dei 127 hyttene, er det seks kilometer med gjerde, 100 toalett og 2000 kvadratmeter med telt.
– Og så brukte eg éin million kroner på marknadsføring i 2016. Det er frykteleg mykje pengar, men har fram til nå vore nødvendig. Vidare hadde festivalen over 50 band i 2017, seier Solberg, ikkje heilt sikker på at det blir like mange framover.
Lokale unge på scena
I 2014 hadde Treungenfestivalen ei omsetning på 6,8 millionar kroner, medan talet for sist arrangement er oppe i over 15 millionar kroner. Onsdagens tilstelling for dei unge var ikkje suksess økonomisk, og gjer til at det blir eit lite underskot for 2017, ifylgje Solberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
I 2018 vil han flytte arrangementet for dei unge til to veker før sjølve Treungenfestivalen.
– Sjølvsagt skal det vere utan alkohol, og dei unge får eigen festival fredag og laurdag, seier Solberg om planen.
– Me skal ha lokale unge frå Vest-Telemark og Telemark på scena. Og kanskje kan ungdom ha det som valfag å vere med og arrangere, undrar Solberg.
Langt over forventinga
På festivalen for dei vaksne lovar Solberg at underhaldningsdelen skal bli endå betre i 2018. Det skal skje spennande ting i eit arrangementtelt med scene, og det skal vere skattejakt på campingen kvar dag. Vidare ynskjer Solberg å ha fleire matvariantar og meir kvalitetsmat å servere.
– Eg har ikkje ambisjonar om at festivalen skal vekse veldig, nå er det finpussen som er viktig, seier Solberg.
Han er godt nøgd med salet av billettar og campingplassar for 2018.
– Salet overgår alle grenser, trass i mediaoppslag om alkoholnekt på til dømes campingen på festivalane. Då stod salet veldig stille i éin månad, før det viste seg at alkoholnekten ikkje blei noko av likevel. Slik det ser ut nå er campinga utselt i midten av mai, og det er også målet mitt, seier Solberg.
Rundt 25 000 var innom Treungenfestival nummer 15 i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
– At festivalen har blitt så stor er langt over forventningane mine. Festivalen er kompensasjon for andre ting eg ikkje har klart i livet mitt, seier Solberg.
27 band på artistlista
Nokon av dei 27 banda som alt er klare for Treungenfestivalen: CC Cowboys, DDE, Dance With A Stranger, Smokie, Bjørn Eidsvåg, Staut, Terje Tysland, Staysman & Lazz + Katastrofe, Erik og Kriss, Rune Rudberg, Vazelina Bilopphøggers, Ni Liv, Sandra Lyng, Rune Sanden.
195 000 frå Innovasjon
Tysdag denne veka blei det kjent at Innovasjon Noreg løyver eit tilskot på 195 000 kroner til å vidareutvikle konseptet Treungenfestivalen.
Eit anna nytt økonomisk moment i det siste er at ein hovudleverandør av mat og drikke aukar betalinga for å vere på festivalen. Summen er på 250 000 kroner fordelt på tre år.
Vidare er det ute tilbod om å ha salsboder med ulike varer på festivalen. Til no er det selt ti slike plassar til om lag 15 000 kroner for kvar, ifylgje Jørgen Solberg.
68 250 til utstyr
Treungenfestivalen starta for ei tid sidan opp Treungen Music City, ein arena som mellom anna skal få fram unge, gode og lokale musikktalent.
Før jol fordelte Musikkutstyrsordningen (MUO) ti millionar kroner til konsertstader og øvingslokale i heile landet. Treungen Music City fekk 68 250 kroner til lyd- og øvingsutstyr.
– Det er kjempekult at me får desse pengane, då er det nokon som trur på prosjektet vårt, seier Jørgen Solberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Treungen Music City skal kjøpe instrument som musikkutøvarar kan låne gratis. Treungenfestivalen har kjøpt det gamle og vesle skulebygget i Heimdal, og Solberg fortel at det er pussa opp.
– Det kan bli eit øvingslokale, men eg er på jakt etter noko meir lokalt, seier Solberg.