Fastfrosne minnebilete
Gyldendal forlag var aldri i tvil då dei fekk manuset til diktsamling frå seljordsjenta Svanhild Amdal Telnes. I februar neste år blir boka utgjeven.
– Ho meistrar språket suverent, og skriv i ei verseform som grip og rører, meiner Morten Moi, forlagsredaktør i Gyldendal.
Forlaget såg med ein gong dei mottok manuset at dei hadde med ein person å gjera som hadde ei god evne til å formidle seg poetisk. Dei bruka difor ikkje lang tid på å ta avgjerda om å gjeva ut samlinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dikta har ein kombinasjon av sterk tematikk og ein solid gjennomført poetisk klang, skryter redaktøren.
Svanhild Amdal Telnes studerer psykologi på fjerde året i Trondheim. I fjor tok ho eit permisjonsår for å gå på Skrivekunstakademiet i Hordaland. Der hadde ho mellom andre Cecilie Løveid, Tormod Haugland, Gunnhild Øyehaug og Rolf Enger som lærarar.
Fiktiv historie
«Om nettene brukar mor dråpeteljar» er tittelen på diktsamlinga. Tittelen er henta frå eit dikt der mor til hovudpersonen, Anna, «plasserer små, salte perler langs kinnbeina» til dei andre i familien.
– Dette er ei forteljande diktsamling. Det vil seie at dikta heng saman og er del av ein fiktiv historie. Det er Anna, ei kvinne i slutten av 30-åra, som fortel, og dikta vekslar mellom notidsstadiet, der Anna møter ein mann ho innleier eit forhold til, og tilbakeblikk på fortida gjennom at ho fortel kjærasten om oppveksten sin. Mange av desse tilbakeblikka er ubehagelege, då Anna vaks opp i ein heim med både fysisk og psykisk mishandling. I staden for å hugse minna som levande film, prøvar hovudpersonen å hugse minna som fastfrosne polaroidbilete, utdjupar forfattaren.
Polaroid frå sommaren 1989
Meg under flaggstonga:
åtte år og sju hol i shortsen.
Junigraset i nakken min,
humlesong og honningskyer.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den lange stonga heisar seg over meg,
mor heisar seg over meg.
Det kvite flagget,
den kvite handflata,
det kvite i augo hennar.