– Det er lite å få, mest å gje
Dei fire på taket i Flatdal ser ingen grunn til at Seljord skal bli ein del av noko større.
Nede i Flatdal på garden Rud, Skararud Nedre, er arbeidet i god gang. Fire snikkarar, Tarjei Mæland, Vidar Sudgarden, Runar Kleiv og Torje Aasan, klatrar rundt på tak og stillas i arbeidet med ei totalrenovering av huset frå slutten av 1800-talet.
Alle fire er motstandarar av ei eventuell samanslåing.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er redd for at ei samanslåing vil gå utover sentruma me har, og at dei blir flytt til andre stader. Det er det tyngste punktet mot samanslåing, desentralisering, meiner huseigar Tarjei Mæland.
– Hadde det ikkje vore betre om ein hadde arbeiddfor kommunen i staden for å arbeide med denne kommunereforma, ropar Sudgarden ned frå taket.
Skulle det bli snakk om å slå seg saman med nokon er Seljord ein Vest-Telemarkkommune, synest Mæland, men med eit så godt tenestetilbod i kommunen er det vanskeleg å sjå fordelane.
– Det er lite å få, mest å gje, meiner han.
Tre av arbeidarane på taket er i slutten av 20-åra, og slik sett i den gruppa, 18 til 30 år, som er mest konservativ – dei vil ha det som det er i dag. Resultata frå undersøkinga overraskar.
– Eg hadde vel trudd det var motsett, seier Mæland.