– Det blir spennande å sjå an rumpa i morgon
Utan ei sky på himmelen og med varmegrader som sakte kraup opp mot 30 la syklistane i veg frå Dalen og Kviteseid laurdag.
Roy Grøseth, Rune Bakos og Arne Kolberg frå Skien stod og lada opp batteria i skuggen frå eit av trea på hotelltomta på Dalen då klokka nærma seg ti laurdag morgon. Dei skulle av garde i mosjonsklassa, og hadde som mål å slå konkurranseklassa som hadde start ein time seinare.
– Målet er å koma i mål før «eliten». Me har jo eit godt forsprang, sa Bakos.
Artikkelen held fram under annonsen.
Berre Grøseth hadde sykla Kanalrittet tidlegare, men Kolberg kunne fortelje at han hadde fleire andre ritt bak seg. Bakos meinte på at det var Grøseth som hadde lurt dei med opp til Dalen. Sistnemnde var også bekymra for evna til å gå neste dag.
– Det blir spennande å sjå an rumpa i morgon, for eg har ikkje setetrening, sa Grøseth.
– De kunne ikkje fått så mykje finare vêr i dag, då.
– Nei, men dette er vêr ein vil liggje på stranda i. Ikkje sykle 10 mil, lo Bakos.
Snø for to år sidan
Klokka ti gjekk startskotet for pulje to, og hotellbilen til Dalen hotell leia som vanleg feltet ein runde rundt Dalen sentrum før dei tok til på oppoverbakkane.
– Det er 200 syklistar som startar frå Dalen i dag. Me trur det vil vera 500 til saman frå båe start-stadene, sa Håvard Ole Holstaa, som er ansvarleg for rittstarten på Dalen. Han var utruleg fornøgd med det fine ritt-vêret, og hugsa med skrekk og gru kontrasten for to år sidan.
– Då var det snø! Det var mange som var gjennomfrosne då dei kom til Vrådal det året, lo Holstaa.
Han kytte veldig av arbeidet til alle arrangørar og frivillige, ei samla gruppe som består av om lag 120 personar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er eit flott samarbeid mellom Tokke IL, Røde Kors, Austheii grendelag, Varde 4H og Fjågesund grendelag, sa Holstaa.