Syskenduell på skytebanen
Syskena Elisabeth (15) og Martin Tveito (13) frå Austheii skyttarlag i Tokke var blant skyttarane i årets fyrste stemne.
Du slo meg med fire poeng! utbryt Martin Tveito etter å ha kome inn i opphaldsrommet og registrert skyteresultata på tavla.
Han fekk 230 poeng, medan storesystra fekk 234 poeng på dei totalt 25 skota.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg er ikkje heilt fornøgd. Tidlegare har eg fått over 240 poeng, seier Elisabeth.
Martin debuterte på stemne sundag, og hadde mål om å ikkje få mindre enn 230 poeng. Det klarte han.
Det var veldig moro. Litt nervøs var eg, men det gjekk bra, seier han.
Kvifor byrja du med skyting?
Eg har lyst til å bli jeger, seier Martin med eit smil.
Elisabeth har vore på eit par stemne tidlegare. Båe byrja med skyting i 89-årsalderen. Dei er raske til å skryte av miljøet i Austheii skyttarlag der dei trenar ein gong kvar veke.
Kring 40 skyttarar frå heile Vest-Telemark deltok i innandørsstemnet i Tokkehallen sundag. Det er årets fyrste samlagsstemne i regionen. Deltakarar frå aspirantar på 1011 år til veteranar i 70-åra prøva å treffe den 2 millimeter store sentrumsblinken på 15 meters avstand.
Sveinung Moen frå Kviteseid vann samlagsstemnet i Tokkehallen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Idrettslaga mottek mest
Tre idrettslag toppar grasrotstatistikken for 2012.
Dei som spelar hos Norsk Tipping kan velje å gje fem prosent av innsatsen til eit lag eller ein organisasjon registrert i grasrotregistret på Hamar. Det nyttar mange seg av. Treungen IL har ikkje fleire enn 31 støttespelarar, men desse har totalt sytt for at idrettslaget i 2012 mottok nesten 60 000 kroner.
To andre idrettslag fylgjer på dei neste plassane; Kviteseid IL og Høydalsmo IL.
Flest støttespelarar har idrettslaget i Vrådal. 149 spelarar har sytt for vel 30 000 kroner i klubbkassa. Også Vinje IL, Høydalsmo IL, Morgedal IL, Åmdal Tokke FK og Seljord Røde Kors har meir enn 100 støttespelarar.
Pengane blir bruka på dei unge
Skyttarlaga i Vest-Telemark er blant dei som er registrert som grasrotmottakarar. Audun Trovatn er leiar i Vest-Telemark skyttarsamlag og med i Øyfjell skyttarlag. Dei 40 tipparane som har kryssa av for «Øyfjell skyttarlag» i grasrotandelen sytte i 2012 for meir enn 10 000 kroner til laget.
Grasrotkronene gjer at skyttarlaga har brukbar økonomi. Pengane går tilbake til ungdommane i laga. Det gjer at dei slepp å mase på foreldra om pengar til ammunisjon og turar. Det er viktig å kapre dei unge, seier Trovatn, og legg til at skyttarsamlaget også får fylkestilskot.
I den vesle grenda bur det kring 300 innbyggjarar. Medlemstalet i skyttarlaget er på kring 200 (!).
I Øyfjell er hovudhobbyen skyting. Idrettslaget blei i si tid ein del av IL Dyre Vaa, men skyttarlaget er ikkje tatt knekken på, og det vil ikkje skje heller, seier Trovatn med eit smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel om generelt god skyterekruttering i Vest-Telemark, og at skyttarsamlaget er oppteke av å leggje forholda til rette for dei unge. Dei to siste åra har dei vore med på ei samling på Heistadmoen saman med andre skyttarar frå Telemark. I fjor var det med 31 ungdommar frå Vest-Telemark.
Her får dei prøve litt av kvart, og dei blir også kjent med andre, seier Trovatn.