Suksess for Tour de ski
Med over eitt årsverk i dugnadstimar klarte Åmdal IL å gjennomføre eit strålande arrangement i helga i Tokke. Over tre dagar blei det arrangera sprintrenn, klassisk skirenn og klatreløp for deltakarar frå åtte år og oppover. Tilbakemeldinga arrangørane fekk frå deltakarane var bare positiv.
Åmdal IL er eit lite idrettslag stifta i 1916, som held til på Åmdals verk i Tokke. Sjølv om laget er lite, tok likevel laget uredd på seg å arrangere Tour de ski over tre dagar for Telemark og Vestfold skikrins.
Forskjellige løyper
Helga var lagt opp med tre forskjellige renn, som gav ulike utfordringar. Fredag byrja det heile med eit sprintløp på Skåfså motorcrossbane i flomlys, der publikum kunne sjå løparane frå start til mål. Dette var for skiløparar frå 13 år og oppover.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laurdag var løypa lagt opp på Hallbjønnsekken og det var klassisk skirenn for alle frå 8 år og oppover.
Heile helga kulminerte med eit klatrerenn i slalåmbakken på Hallbjønnsekken. Her måtte deltakarane ha vore med både fredag og laurdag for å kunne deltaka. Deltakarar var frå 13 år og oppover.
Påskestemning
Vêrmeldinga gav tidlegare i veka ikkje mykje håp for ei strålande helg. Heldigvis så kan slikt endre seg og vêret held seg stabilt dei to fyrste dagane. Laurdagen gav rett nok smøremannskapet noko utfordringar med å finne rett underlag for dei håpefulle. Sundag var det regelrett eit påskeparadis oppe på Hallbjønnsekken. Sola varma opp både kropp og sjel, og vinden heldt seg borte. Arrangørane kunne ikkje vore meir heldige med vêret.
Resultat
Deltakarane på sundag var delte opp i årsklasser, der resultata frå dei føregåande dagane avgjorde kven som sette ut fyrst frå start. Løypa opp slalåmbakken var krevjande, men ungdomane viste imponerande styrke. Fleire frå Vest-Telemark kom heilt øvst på listene sundag. I seniorklassa menn 19 20 år vann Ånund Lid Byggland frå HSG / Høydalsmo IL, medan Sindre Høgset frå Vinje IL vann klassa for menn 17 år, medan Håkon Lie kom på tredje plass. Runar Mathisen vann klassa for gutar 16 år, medan Knut Halvor Erikstein vann klassa for gutar 15 år, begge frå Vinje IL. I klassa for jenter 15 år vann Anne Margit Urbø frå Åmdal IL, medan Sigrid Lid Byggland frå Høydalsmo og Linn Camilla Nystog frå Rein IL kom på andre og tredjeplass.
Torgeir Lid Byggland frå Høydalsmo IL vann klassa for gutar 13 år.
Storfornøgde arrangørar
Heile helga gjekk veldig bra for deltakarane og arrangørane.
Me er storfornøgde. Alt har gjenge på skinner. Me har hatt over 1000 dugnadstimar bare denne helga, og folk har verkeleg stått på og gjort jobben. Me er òg veldig fornøgde med deltakinga. Det var to arrangement som stal litt av oppmøtet som stafetten i Trondheim og orientering i Danmark, men me fekk mange deltakarar likevel. Me har òg hatt eit godt samarbeid med Skafså motorsportklubb som stilte med matsal og anlegg på fredag, og klubb Hallbjønn som òg sette anlegget her til disposisjon for resten av arrangementet. Me har òg hatt godt hjelp av Dagfinn Øksenholt som er legd inn for å ordne med tidtakinga med brikker. Det førte til at alle lister med tidtaking var ute på nett etter fem minuttar, seier løypesjef Knut Urbø.
Nyskapande
Tour de ski er eit nyskapande arrangement på dette nivået i Telemark, og i resten av Noreg. Ikkje minst var det heilt nytt for dei som skipa det til i helga. Arrangørane ville gjerne ha tilbakemeldingar frå deltakarane, slik at ein eventuelt kunne forbetre seg, for ein tenker allereie på å gjenta skieventen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eg trur det blir fleire år med Tour de ski. Me har bedt om tilbakemeldingar, slik at me kan endre på det som ikkje gjekk så bra, men foreløpig har me bare fått positive tilbakemeldingar frå storfornøgde deltakarar. Eg trur ein trygt kan sei at dette arrangementet blei ein suksess, og sidan det gjekk så bra i år, blir det truleg endå fleire deltakarar neste år, seier Knut Urbø.