Den årvisse haustingsturen
Småskuleelevane i Kviteseid var ivrige med bærplukkar og spann då dei hadde den årlege tytebærturen til Vrådal.
Det har blitt ein triveleg tradisjon å reise på tytebærtur, for elevar og lærarar ved småskulen i Kviteseid. I over 20 år har dette vore eit fast innslag og ein samlande turaktivitet.
Før det ruskete haustvêret slo til for fullt førre veke reiste om lag 50 elevar til Vrådals skogar for å hauste av rikelege mengder med tytebær.
Artikkelen held fram under annonsen.
Store raude klasar venta på å bli hausta, og elevane var arbeidsviljuge, for heimatt blei heile 40 liter ferdig reinska tytebær med i posar og spann.
I tillegg til plukking blei det også tid til leik og moro på tvers av skuleklasser. Ei god matpause i den varme haustsola og nokre sett med litt våte og kalde føter etter litt plumping i freistande bekkefar var heller ikkje til å kome ifrå.
Blir til syltetøy
Tilbake på skulen blei den raude fangsten frosen fram til elevane i 4. klasse skal lage syltetøy. Produktet blir eitt av elevarbeida som kjem for sal på den årvisse kafèen 1.-4. klasse arrangerer kvar haust. Dette er også ein solid tradisjon ved Kviteseid skule som blei starta i 2004.
Elevane fortel at dei gler seg til fredag 20. oktober – då blir det både underhaldning, sal av syltetøy, elevarbeid, kaffi og noko å bite i. Overskotet frå kafeen skal i år gå til TV-aksjonen som i år går til Unicef sitt arbeid for å gje utdanning til barn råka av krig og konflikt. Sjølve TV-aksjonen blir halden 22. oktober.