Kreative sommarskulebarn
32 glade barn starta ferien med kreativ sommarskule og laga både treleiker og flotte tova gjenstandar av ull då husflidslaget og jakt og fiskeforeininga inviterte til aktivitetsdagar i Kviteseid.
Mange forventningsfulle barn og unge venta spent utanfor Kviteseid skule måndag morgon. Det var klart for årets sommarskule, i regi av Kviteseid husflidslag og den lokale lokale jakt- og fiskeforeininga.
Måndag og tysdag blei sommarelevane delt i grupper, og aktiviteten blei fort stor inne på sløydsalen då oppgåver med å produsere «purkefele», «tidtrøyte», pilkestenger eller dekorative tresauer til oppheng av våte vottar og luer kom i gang. Arild Bentsen og Rein Espen Råmunddal sytte for at dei håpefulle både fekk ei trygg opplæring i bruk av verkty og utvikla kreative sider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Neste gruppe arbeidde med ull, som var tema for årets sommarskule.
Spinne og tove
Ein av sommarskuleinstruktørane, Ingrid Grestad, fortel at elevane skal få jobbe med ull frå Morgedal og Ordal, og at dei skal både få spinne tråd og tove små gåveøskjer og blomar.
Nokre elevar er alt i gang med arbeidet, i par samarbeider dei om å spinne tråd slik ein gjorde det lenge før rokken blei tatt i bruk i Noreg.
– Åh nei, seier Andrine Lindestad og Maren Tveiten i kor når tråden ryk og handteinen med ulltråd drys i golvet. Det er bare å starte på ny, feste ulla saman og snurre teinen med sola, instruerer Hilde Berntsen. Ho fortel jentene at dette var måten vikingande spann garn som dei laga både klede og segl til båtane sine.
– Mykje arbeid for å lage klede, stadfestar jentene.
Etter to verkstaddagar der elevane til slutt stilte ut alle dei flotte produkta dei hadde laga, blei den tredje skuledagen nytta utandørs saman med representantar frå Kviteseid jeger og fiskerforening i Ågapet onsdag.
Vellukka
Sidsel Magnus Evja frå Husflidslaget i Kviteseid fortel at dei er strålande nøgde med arrangementet som dei denne sommaren heldt for tredje gong.
– Målet vårt var å starte sommarskulen, og me ynskte at Kviteseid kommune skulle overta organiseringa på sikt. Nå har kommunen sagt ja til å ta over neste sommar, og det set me pris på, smiler Evja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Rektor i Kviteseid kulturskule, Eli Taugbøl, fortel at sommarskulen er eit kjempefint initiativ, og at ho vil ta over koordineringa av tilbodet.
– Men sommarskulen vil framleis vere ein arena der me treng samarbeid med lag og foreiningar i Kviteseid. Eg vil difor kalle inn til eit møte til hausten slik at me kan legge ein plan for komande arrangement, seier Taugbøl.