Til hausten flytter Margrete Hovda til vestlandet for å gå dei siste to åra av vidaregåande på ein internasjonal fredsskule.
Til hausten flytter Margrete Hovda til vestlandet for å gå dei siste to åra av vidaregåande på ein internasjonal fredsskule.

Skal på internasjonal fredsskule

Margrete Hovda frå Rauland fekk nyleg vite at ho kom inn på UWC Red Cross Nordic, ein internasjonal skule i Sogn og Fjordane.

United World Colleges (UWC) er ein organisasjon med skuler i 17 ulike land. Visjonen deira er å «bruke utdanning til å fremme fred og bærekraftig utvikling». På skulen i Noreg vektlegg dei spesielt miljøspørsmål, humanitært arbeid og friluftsliv. Ein startar etter fullført fyrste år på vidaregåande, og går dei to siste åra på skulen.

Ein annleis skule

UWC er ikkje som vanlege vidaregåande skular.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Den største forskjellen er at dette er ein stor internasjonal utdanningsrørsle som brukar utdanning for å fremje fred og ei bærekraftig framtid, fortel Elizabeth Sellevold, som er leiar i UWC Norge.

– Det er heilt unikt at denne visjonen også blir bruka i undervisninga, fortset ho.

Fleire av studentane går på stipend.

Dette er nordmennene som skal gå på UWC-skular rundt om i verda dei neste to åra.
Dette er nordmennene som skal gå på UWC-skular rundt om i verda dei neste to åra.

– Dette er ikkje berre ein rikmannsskule. Skulen ynskjer å gje moglegheita for alle, fortset Sellevold.

Det er mange om plassen for å komme inn på ein av dei 17 UWC-skulane som finst rundt i verda.

– Dei som får plass er aktiv ungdom. Dei har eit reflektert forhold til UWC, og viser samfunnsengasjement. Dette er ungdom som vil noko, meiner leiaren.

På UWC føregjeng all undervisning på engelsk. Ein får IB (International Baccalaureate) av å gå på skulen, som er ei anerkjent internasjonal utdanning som svarar til generell studiekompetanse. Elevane må gjennom eit tøft akademisk program.

– Me tek inn elevar me trur kan gjennomføre dette, lære å leve saman med folk frå andre land og vere engasjerte i andre aktivitetar, seier Sellevold.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho håpar elevane skjønar kva for ein moglegheit dei har fått, og at dei utnyttar den best mogleg.

Engasjerande

Margrete Hovda frå Rauland er ein av dei heldige som har kome inn på programmet. Då ho var yngre budde ho i Mosambikk. I nabolandet Swaziland er det ein UWC-skule. Ho blei kjend med nokre folk derifrå, og det var slik ho først høyrde om skulen. Det er verdiane til skulen som gjorde den så interessant for Hovda.

– Skulen har eit heilt unikt engasjement. Dei har ein tydeleg miljøprofil, og tek opp både klima- og samfunnsproblem. Det verkar mykje meir spennande enn vanleg skule! seier Hovda.

Ho er veldig usikker på kva ho går til.

– Men eg gler meg til å få nye vener og leve så tett på menneske med ein anna kultur.

Spennande

Det er ei spent jente me pratar med om haustens planar. I år har Margrete Hovda gått fyrste klasse på vidaregåande i Notodden og budd hos tanta si i Gransherad, men til hausten skal ho flytte på internat ganske mykje lengre unna. UWC Red Cross Nordic ligg i Fjaler kommune, på ein liten plass som heiter Flekke. Hovda sjølv har aldri vore der.

– Sjølv ville eg eigentleg helst studere i utlandet, men det er organisasjonen som vel kva for ein skule du går på. Eg er litt spent på å bu på femmannsrom. Det har eg ikkje gjort før. Det trur eg kan bli spennande, seier ho.

– Eg trur òg det blir vanskelig å venne seg til å lære på engelsk, men det blir nok verst i starten. Men me er alle i same situasjon. Eg er eigentleg glad i engelsk, men eg kjem nok til å seie mykje feil, smiler ho

Artikkelen held fram under annonsen.

Hovda føler seg heldig som kom inn.

– Eg vil oppmode alle til å søke! Det er ikkje så mange som veit om denne moglegheita, men det er noko alle de som skal starte på vidaregåande bør vurdere, avsluttar ho.