No er den nye boka til Helga Flatland i butikkane.
No er den nye boka til Helga Flatland i butikkane.

Skriv om den moderne familien

Helga Flatland frå Flatdal er ute med ny roman. Denne gongen tek ho for seg familierelasjonar, og korleis eit samlivsbrot kan påverke vaksne born.

Helga Flatland er ein anerkjent forfattar. Ho vann Tarjei Vesaas´ debutantpris for den fyrste romanen ho skreiv, og har også vunne fleire andre prestisjetunge prisar.

Romanen «En moderne familie» er den femte romanen Flatland gjev ut. Den handlar om to foreldre, Torill og Sverre, med tre vaksne born, Ellen, Liv og Håkon. På familieferie i høve Sverres 70-årsdag kunngjer foreldra at dei skal skilje seg. Familien har vore opphavet til verdiane, vala og ambisjonane til syskena. Foreldras skilsmisse rokkar ved grunnlaget deira, og dei taklar det på ulikt vis. Gjennom synsvinklane til syskena får me høyre tre ulike sider av saka.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir meir aktuelt

Temaet i boka er korleis ei skilsmisse kan påverke vaksne sysken der dei er i livet.

– Når me les om korleis born opplever skilsmisser er det ofte yngre born eller foreldra si historie me blir fortalt. Det er ikkje ofte me får lese korleis vaksne folk, som framleis er deira foreldres born, reagerer. Eg trur dette blir meir aktuelt framover med den nye generasjonen eldre, som er forventa å leve lengre og er friskare og «yngre» enn før. Eg hadde også eit ynskje om å skrive om forholdet mellom sysken, ein relasjon som ofte kan vere kompleks og mangfaldig, fortel Flatland

Ho synest det er interessant å skrive om familie, noko ho sjølv er opptatt av, men temaet er heilt fiktivt.

– Det er ikkje sjølvbiografisk, ler ho.

– Ein tek rekvisittar frå eige liv, men verken familien eller tematikken er henta frå erfaring, stadfester ho.

Lang prosess

Flatland har lenge tenkt på tematikken i den nye romanen.

– I ein prosess med å lage ei bok er det ikkje skrivinga som nødvendigvis tek lengst tid. Fyrst har eg ein tanke, som utviklar seg til ein idé, basert på observasjonar. Sjølve skriveprosessen startar ofte mykje seinare. Det er tankane og ideane som tek tid, fortel ho.

Ny barnebok

Det har vore mykje gode tilbakemeldingar på bøkene Flatland har skrive. Også den nyaste har fått strålande kritikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er eit privilegium å bli lest, fyrst og fremst av lesarane mine, og så er det sjølvsagt ein stor bonus å få gode kritikkar, seier ho.

Ho håpar på å fortsette og skrive romanar, men fyrst er det barnas tur. Flatland har tidlegare skrive to barnebøkar.

– Eg skriv for tida på ei ny, avsluttar ho.