Sommargjesten: Marianne Berve
Alder:21 år
Kjem frå: Fyresdal
Artikkelen held fram under annonsen.
Gjer: Jobbar på Tango Frisør
Korleis er ein perfekt sommardag?
Då er eg anten på stranda, på topptur eller grillar med gode vener.
A- eller B-menneske?
Det varierer, men eg er vel mest B.
Kven er den beste grillsjefen du kjenner?
Kva vil du vise turistane i Vest-Telemark?
Heile Fyresdal. Det er jo den finaste plassen i Vest-Telemark.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kva er ditt beste ferieminne?
Me reiste med bubil til Kroatia og var der i nokre veker.
Er myggen glad i deg?
Ja, den er visst det.
Kva må temperaturen i vatnet vere for at du skal hive deg uti?
Då må det vere varmt, helst over 20 grader.
Kva dialektord likar du best?
Kvisleis. Det er vel eigentleg ikkje eit ord, men me bruka å seie det på skulen i Fyresdal. Me prøva å bruke det då me skreiv, men då fekk me kjeft av lærarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Noko du gler deg til?
Eg gler meg til å sjå kva framtida bringar. Eg skal studere, men veit ikkje kva enno.
Kven vil du sende ei sommarhelsing til?
Tora, Vilde og Anne Lene.