Våt vårmarknad
«Sjå her. Du puttar bare kula inn her. Denne funkar fint»Det mangla ikkje gode kremmerar og salstriks på Dyrskuplassen i helga.
Traktordekk, skateboard, sykkel og små leikekanoner. Nedst mot mathallen på plassen har tre kameratar frå Seljord sett opp sitt eige utsal, blant mange andre. Even Vindfjell, Øyvind Høgetveit og Bjørn Kristian Kolbjørnsen, alle i femte klasse, stilte opp som handelskarar på Vårmarknaden for fyrste gong.
– Me hadde så mykje skrot heime, så difor ville me selja det her, seier kameratane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei unge kremmerane viser ivrig fram leikekanonen, og fyrar av ei plaskule som sprett utover plassen. Dei har alt fått selt nokre leikebilar med hengerar, fortel dei, men ikkje alt hadde gått heilt etter planen.
– Det blei selt då eg ikkje var her, så eg fekk ingenting, seier Bjørn Kristian.
Fin fredag
Fredagen var nok den beste handelsdagen både for dei kring 200 utstillarane og 2110 besøkande. Med sol og opphaldsvêr låg det meste til rette for å gjera eit «røvarkjøp» blant mengder av brukt og antikk på plassen.
Forutan handel var det også fleire innslag med underhaldning for folk. Inne på fjoset var det hestekrefter og muskelkraft som galdt. Terje Håkonsen frå Bø viste fram sin kraftfulle bil med over 2 500 hestekrefter i eit dragstershow. Publikum blei råda, med rette, til å halde seg for øyro då motoren sprengte dei fleste støybarometer.
Marius Christiansen frå Gvarv viste fram akrobatiske evne i motorsykkelsporten Trial. Ungguten som snart fyller atten byrja med sporten alt som 18-åring og er noregsmeister i lag for seniorar i 2014. Han imponerte i Seljord med balansekunster på pallar, kabeltromlar og bilar.
Litt uheldige
I år var Vårmarknaden flytt tre veker fram til slutten av mai, mot året før. Men publikumstalet sokk frå mest 5 500 i fjor til 4 100 i år. Leiar for årets arrangement, Yvonne Eilefstjønn, sa seg likevel nøgd med helga.
– Me var litt uheldige med vêret laurdag, og hadde bare 2 000 besøkande då, men me er for så vidt fornøgde, seier Eilefstjønn.
På campinga på plassen var det totalt 511 personar, eller kring 250 einingar, der halvparten kom alt torsdag.
Artikkelen held fram under annonsen.