Følger nasjonale retningsliner – opnar serveringsstadar
16. mars stengde Tokke kommune serveringsstadar som serverer mat på staden. Torsdag 16. april vedtok formannskapet at dei ikkje innfører ei lokal forskrift, men følger dei nasjonale retningslinene og opphevar forbodet.
Sidan 16. mars har det ikkje vore mogleg å eta mat på serveringsstadar, vedtaket varte til over påske, og vart oppheva av kommunelegen i kriseleiinga 14. april. Ifølge saksutgreiinga ønskte ordførar Jarand Felland å ta opp saka i formannskapet. Politikarane vedtok å følge dei nasjonale retningslinene, og ikkje gjere eit lokalt vedtak om stenging.
Det er lov med opne serveringsstadar. Vilkåra for ha ope serveringsstadar er at det er to meter avstand mellom gjestene og at smittevernstiltak elles er på plass. Servering frå buffé er ikkje lov.
Artikkelen held fram under annonsen.