Seljording utforma designmast
No har Statnett sett opp den fyrste designmasta si. Masta er utforma av Eva Widenoja, opphavleg frå Seljord.
Tett ved parkeringsplassen til det kjende turistmålet Kjerag i Rogaland har det kome om ei ny og spesiell høgspentmast. I samband med at Statnett byggjer ny straumleidning mellom Lysebotn og Tonstad har dei sett opp den fyrste designmasta si. Masta er konstruert av industridesignaren Eva Widenoja som driv firmaet Widenoja design AS på Langhus.
I eit heftig landskap
Widenoja har arbeidd med utforminga i fire år, og fortel at ho har forsøkt å designe masta slik at ho passar inn i det ville landskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er glad for å få teikne noko som er så spesielt. Utfordringa var å ikkje ta luven frå det heftige landskapet, uttalar ho.
For industridesignaren er slikt arbeid ikkje noko nytt. Då Vest-Telemark blad skreiv om henne i 2010 fortalde ho at ho to år tidlegare hadde fått i oppdrag av Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) å leggje eit teoretisk grunnlag for å tilpasse høgspentmaster til ulike landskap. No står altså den fyrste masta der, og til våren blir linene strekte.