Har ordføraren lært?

I kommunestyremøtet i Seljord den 20. oktober kom det til ein debatt om ordførar Halfdan Haugan si handsaming i formannskapet av saka om etableringa til Telemark Bilruter i Nordbygdi. Ein storm i eit vassglas? Diverre ikkje. Debatten viste tydeleg og klart to høgst alvorlege sider ved sakshandsaminga til ordføraren: ei veke før møtet i formannskapet mottok han ein epost frå Fylkesmannen som gjorde det heilt klart at lukking av møtet ville vere eit brot på offentleglova. Haugan informerte ikkje formannskapet om at han hadde motteke ein slik epost, med eit slikt innhald. Mot betre vitande, og mot eksplisitte råd frå tre høgst kompetente personar i tillegg til Fylkesmannen – dvs. rådmannen og to formannskapsrepresentantar – lurte han dermed fleirtalet i formannskapet til å tru at ein var på rett side av lova då ein vedtok å lukke møtet. Det er mao. heva over tvil at Haugan både førte formannskapet bak ljoset og at han vel vitande braut lova.

I VTB den 20. oktober, dvs. før kommunestyremøtet, uttalar så Haugan at han ikkje angrar noko, og at han framleis meiner det var rett å lukke saka. Det er særs vanskeleg å tolke desse utsegnene på anna vis enn at han står ved det han gjorde i formannskapet, trass i at han visste at det var lovstridig og trass i at han underslo heilt avgjerande informasjon til formannskapet.

Artikkelen held fram under annonsen.

I kommunestyremøtet same dag hadde ordføraren så høve til å vinne tilbake den tilliten han sjølv så effektivt hadde undergrave. I politikken finst det berre ein måte å gjere det på: han måtte erkjenne dei særs alvorlege feila han hadde gjort, samt gjere det klart at han for framtida ville opptre annleis. Gjorde han det?

I svaret til underteikna sitt innlegg kom Haugan med nokre høgst uklare utsegner med omsyn til lærdom av saka, til dømes at «dette må vi bli endå betre på». Dermed nytta han det kanskje mest provoserande uttrykket politikarar har lagt seg til når dei har gjort noko grunnleggande kritikkverdig, som om alt eigentleg var veldig bra, men at det altså er mogleg å bli «endå betre».

For det andre hevda han at om han har «støytt nokon» vil han beklage det. Dette er endå ein klassikar innan bortforklaringar: å be om orsaking for noko anna enn det saka gjeld. I denne saka er det nemleg ingen som er støytte (kanskje med unntak av dei formannskapsmedlemmene som blei lurte): derimot har Haugan med opne auge gått utanom lova og vill-leia formannskapet, noko som er langt meir alvorleg enn å støyte nokon; det er fyrst og fremst dei politiske køyrereglane han har krenkt, ikkje enkeltpersonar.

For det tredje vedgår han at det var feil å bruke «eit regelverk som ikkje er rett», og freistar slik å gje inntrykk av at han nærast kom i skade for å nytte feil regelverk (eller eit regelverk som inneheldt feil), medan sanninga er at han braut den lova han hadde blitt gjort eksplisitt merksam på. I sum er det dermed nok ein gong særs vanskeleg å tolke Haugan si utgreiing som den udiskutable retretten vi venta oss. Anten har han faktisk ikkje forstått alvoret i det han har gjort, eller så vel han å bagatellisere det, og båe to er høgst urovekkande.

Fleire av oss tenkte likevel etter kommunestyremøtet at trass i ei langt frå overtydande forklaring frå Haugan si side, og trass i at ikkje ein einaste annan representant frå posisjonen ytra seg i saka, noko som berre kan oppfattast som passiv støtte til ordføraren, var det kan hende best å sette strek for debatten.

På denne bakgrunn står Haugan sittinnlegg i VTB 25. oktober fram som særs lite gjennomtenkt og som ein ekstra provokasjon. I staden for å seie seg nøgd med ikkje å ha fått meir på pukkelen, gjeng han ut med eit nytt forsvar for eit særs dårleg og uetisk politisk handverk. Han tåkelegg her nok ein gong det uomtvistelege faktum at han ei heil veke før formannskapsmøtet visste at det ville vere ulovleg å lukke møtet. Då nyttar det ikkje å vise til at ein heretter skal sørge for å få slike avklaringar i skriftleg form: vi veit at avklaringa alt låg føre i skriftleg form, og Haugan hadde dermed ingen argument for å lukke møtet. I staden førte han formannskapet bak ljoset ved å underslå eposten frå Fylkesmannen. Det er djupt alvorleg. Saka var mao. ikkje «krevjande», slik Haugan no hevdar: tvert imot, ho var såre enkel, og Haugan fekk beskjed om kor enkel ho var frå fire kompetente hald. Det er bare arroganse og/eller sviktande dømekraft som får ein ordførar til å gå vidare med ei slik sak. Då hjelper det fint lite å vise, som Haugan gjer, til at kommunen har «ein god innsynsmodul», web-overføring frå kommunestyremøta og faste kaffemøte ein gong i månaden.

Haugan avsluttar innlegget med at «det aller viktigaste i denne saka er at Seljord kommune har gjort eit samrøystes vedtak om å leggje til rette for næringsutvikling» osb. Nok ein gong sørgjer ordføraren for å omgå sanninga, for denne debatten handlar ikkje i det heile teke om næringsutvikling: den handlar om ein ordførar som ikkje held orden på rett og galt, som trekker andre med seg i ei avgjerd han visste var lovstridig, og som sidan gjer det han kan for å sleppe å erkjenne at han har trakka alvorleg feil.

Politikarforakt er det stort sett politikarar sjølve som skapar, ved at dei bryt ein eller fleire av dei køyreglane ålmenta har krav på vert fylgde. Desse køyrereglane er bygde på nokre enkle og ganske lettfattelege prinsipp. Kan hende den enklaste måten å skape politikarforakt på er å tåkelegge desse prinsippa. Ordføraren i Seljord har gjeve oss eit skuledøme på ei slik tåkelegging, i ei sak der det juridiske og formelle var klart som dagen. Om ikkje han sjølv er i stand til å sjå det – og lesarinnlegget hans den 25. oktober kan tyde på nett det – bør dei andre medlemene i posisjonen hjelpe han med det. At dei ikkje for lengst har gjort det gjev i seg sjølv grunn til uro. Om eit demokrati – stort eller lite – skal fungere, må overtramp få konsekvensar. Utan dét er tilliten borte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Peter Fjågesund,

kommunestyrerepresentant for Miljøpartiet Dei Grøne

Bakgrunn: Braut offentleglova for å beskytte bilrutene

Les også: Blei åtvara mot å lukke dørene