Eit møte med heile Telemark på Dalen
Etter at kanalbåten Henrik Ibsen hadde lagt til ved Dalen bryggje for fyrste gong denne sesongen kunne gjestene bli med inn for å nyte synet av Jonny Andviks kjærleik til Telemark.
Den kvite, staslege kanalbåten M/S Henrik Ibsen hadde ein flott tur med gjester om bord frå Skien til Dalen fredag ettermiddag.
– Det er hyggeleg at så mange har møtt fram, og at sola kom fram etter eit varierande vêr på turen i dag, sa kaptein Tor Rønningen.
Artikkelen held fram under annonsen.
På bryggjekanten stod to forventningsfulle 5-åringar og venta for å gje både kapteinen og gjestene blomar.
– Velkomen til vakre Dalen og Tokke, sa ordførar i Tokke, Jarand Felland, då han ynskte kanalgjestene velkomne for fyrste gong denne sesongen.
Musikk og kunst
På bryggjekaféen fekk dei frammøtte høyre Ragnhild Rose Knudsen og Torunn Raftevold Rue frå folkemusikkgruppa Glima saman med kvedaren Ragnar Haugstøl.
Ordføraren fekk også gleda av å opne årets bryggjeutstilling som Skålebygdi Rammeverkstad, ved Anna og Bjønn Fauske, har sett saman.
I år er utstillinga bygd opp av arbeid frå tre kunstnarar. Arbeida til målaren Jonny Andvik frå Porsgrunn, keramikar Gerd Danbolt Svalastog frå Edland og sylvsmed Hilde Gravdal frå Eidsborg. I tillegg viser Vest-Telemark museum ei interessant kanalhistorisk utstilling i det same lokalet.
Jubileum
– At eg fyller 80 år i år skulle vere umogleg, men i 2016 fyller eg 50 år og det er 30 år sidan eg hadde mi fyrste utstilling, fortalde hovudutstillar Jonny Andvik frå Porsgrunn til dei frammøtte.
Andvik er godt etablert som både grafikar, målar og illustratør. Han har halde utstillingar både i Noreg, Amerika og mange andre stader i Europa.
Etter 150 utstillingar er den dyktige kunstnaren på plass med bileta sine på Dalen denne sommaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg er glad for å vise fram bileta mine på bryggjeutstillinga på vakre Dalen – takk for at eg fekk kome hit, sa Andvik.
Love Telemark
Andvik fortalde ein fullsett bryggjekafé om kvifor akkurat Love Telemark var namnet på utstillinga han viser denne sommaren.
– Love er eit kraftig ord, og Love treffer alle. Telemark er unikt og eg meiner ein må fortelje det slik at augo blir opna og sansane mottakelege for det me har å by på. Eit måleri er ein bodskap, ein idé og ein identitetsskapar. Telemark har mykje god identitet, uttala han.
Andvik fortalde at han bare stiller ut bilde frå Telemark i år. 25 måleri i alt. Frå kyst til fjell. Landskap og menneskeskildringar, og kunstnaren rettar mellom anna blikket mot den utryddingstrua Telemarkskua.
– Denne rasen må me ta godt vare på, og leggje til rette for at ho blir verande. Det er eit nydeleg dyr som har ein eigen identitet og historie i Telemark, sa Andvik.
Heile fylket er Andviks atelier.
– Og det er ikkje noko dårleg kontor det. Å stå på Miland å måle Gaustatoppen dag etter dag, eller klatre ned ei ur til foss og stryk og møte Fossegrimen. Måle Sondre i bakkane i Morgedal eller møte Myllarguten på Hørte. Eg håpar utstillinga vil glede auget og treff hjartet, avslutta Anvik og inviterte gjestene med inn til ustilling.
Bryggjeutstillinga på Dalen held ope i helgene fram til 19. juni. Frå 24. juni og fram til 7. august er utstillinga open kvar dag.