Organist Dagfinn Køhn og kyrkjekoret gav lyttarane ein smakebit av kva orgelet kan brukast til under innviinga.
Organist Dagfinn Køhn og kyrkjekoret gav lyttarane ein smakebit av kva orgelet kan brukast til under innviinga.

Orgelsus i kyrkja att

Det har teke over 20 år, men no er endeleg pipeorgelet på plass i Kviteseid gamle kyrkje. Sundag var det klart for den fyrste messa på lang tid med orgelklang attåt.

Det har tatt mange år for organist og kyrkjeråd for å få inn eit nytt orgel i Kviteseid gamle kyrkje. I mellomtida måtte ein greie seg med eit tråorgel, populært kalla «salmesykkel». Prosessen med å få eit nytt orgel i kyrkja blei lang Etter fleire rundar med riksantikvaren som gav avslag på søknaden, enda saka til slutt opp i miljøverndepartementet. Difor var gleda stor i januar 2007 då det blei klart at departementet gav løyve til å sette inn orgelet på galleriet i kyrkja.

Omstendeleg arbeid

Arbeidet med å montere orgelet kom ikkje i gang før hausten 2008. Avgjersla om at ein fekk nytte orgelet kom på vinterstid, så monteringa måtte vente til det blei varmare i vêret og ikkje minst på at finansieringa av ein orgelbyggjar var på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Henrik Brick Hansen fekk jobben med å byggje orgelet opp att. Orgelet hadde då ligge seks år lagra i kyrkja, og nokre av pipene hadde fått litt oval form etter eit litt for tungt press av orgelet oppå dei. Elles var det i svært god stand.

– Dette orgelet kjem til å få ein mykje betre lyd her i denne kyrkja, enn det hadde i Flatdal. Dette kjem av akustikken som rommet har, men òg på grunn av at det er høgare under taket her, sa orgelbyggjaren Henrik Brinck Hansen under monteringa av orgelet i mai.

Om orgelet

Instrumentet blei opphavleg bygd til Flatdal kyrkje i 1922 av orgelbyggeriet Olsen & Jørgensen. Instrumentet blei demontert og flytta frå Flatdal til Kviteseid hausten 2002.

Orgelet har 6 stemmer, med piperekkjer i kvar sin klangfarge. Til saman 366 piper.

Orgelbyggjar Henrik Brinck Hansen har vore ansvarleg for bygging og ferdigstilling av instrumentet, med godt hjelp av organist Dagfinn Khøn og snikkar Magne Skjæveland.

Fasaden er teikna lokalt etter interiøret i kyrkja elles og bygd av Brinck Hansen. Fargane på orgelhuset er kopiert etter fargane på galleriet. Kyrkjetenar Werner Torkildsen har stått for målararbeidet.

Feira orgelet

Sundag 14. juni var det tid for innviing av det nye orgelet med ei festgudsteneste i Kviteseid gamle kyrkje. For ei fullsett kyrkje heldt organist Dagfinn Køhn ein minikonsert med «Suite gothique» av komponist Léon Boëllmann (1862-97).

Det blei ei høgtidsstund for alle som hadde møtt fram. Særleg var lyden av orgelet saman med kyrkjekoret flott og gav lovnadar om mange gode musikalske opplevingar framover.