Barnehagebarn frå både Tussejuv og Heddeli var med og sette jordeple i den økologiske hagen i Seljord.
Barnehagebarn frå både Tussejuv og Heddeli var med og sette jordeple i den økologiske hagen i Seljord.

Arbeidet med den økologiske hagen er i gang

Tysdag sette barnehagebarn frå Tussejuv og Heddeli jordeple, medan ordføraren sådde solsikkefrø. Dessutan kom Sparebankstiftinga med det fyrste tilskotet til den økologiske hagen på framsida av den vidaregåande skulen i Seljord.

Morten Olav Dyrud frå Sparebankstiftinga Seljord kom med ein sjekk på 60 000 – eit økonomisk startskot på prosjektet som alt i alt kan kome til å koste éin million kroner.

– Dette er eit ålmennyttig prosjekt som kjem bygdefolk til gode, grunngav Dyrud løyvinga med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette betyr alt. Når nokon gjev fyrst er det lettare at andre også vil bidra, seier Hans Flaaten.

Håpar hagen er ferdig om to-tre år

No håpar Hans Flaaten og Anne Gro Lønnestad i Seljord økologiske hage å få økonomisk hjelp av kommunen til dei fyrste investeringane. Gjerding, drenering og vatningsanlegg er kostnadsrekna til vel 200 000 kroner. Vidare håpar dei på støtte frå ulike stiftingar for at heile hagen skal bli realisert innan 2019/2020.

Flaaten avslører at dei alt har bestemt – i ljos av debatten om matlevering til dei eldre i Seljord – at den eine parsellen skal ha jordeple øyremerkt til kjøkenet som lagar maten til institusjonane.

Morten Olav Dyrud, leiar i Sparebankstiftinga Seljord, kom med 60 000 kroner til den økologiske hagen i Seljord. Det blei sett pris på av Ingunn Ralle (t.v.) Anne Gro Lønnestad og Hans Flaaten (t.h.) i Seljord økologiske hage.
Morten Olav Dyrud, leiar i Sparebankstiftinga Seljord, kom med 60 000 kroner til den økologiske hagen i Seljord. Det blei sett pris på av Ingunn Ralle (t.v.) Anne Gro Lønnestad og Hans Flaaten (t.h.) i Seljord økologiske hage.
Ordførar Halfdan Haugan fekk så dei fyrste solsikkefrøa.
Ordførar Halfdan Haugan fekk så dei fyrste solsikkefrøa.

I dag eig og driv Flaaten og Lønnestad ein barnehage i Moss. Også her har dei ein hage som er viktig i arbeidet i barnehagen. Lønnestad kjem frå Seljord og har vore på utkikk etter eit slikt prosjekt. Begge er klare på at prosjektet ikkje hadde latt seg gjennomføre utan Liv Ekre på Seljord vidaregåande skule, som er eigd av fylkeskommunen.

– Ho tok imot ideen med opne armar, seier dei.

Avtala dei har med grunneigar Telemark fylkeskommune gjeld for ti år.

– Lyftar sentrum

Flaaten og Lønnestad håpar hagen kan vera med å utvikle Seljord som miljøkommune og skape eit levande sentrum. Dei håpar også prosjektet kan setje meir fokus å ta vare på matjorda og at det blir produsert meir, og kasta mindre, mat. Og dei er sikre på at hagearbeid kan bli bruka som eit verktøy for intergrering, terapi og læring.

– Det er dessutan ikkje alle som har høve til å ha eigen kjøkenhage. I ein parsellhage her kan folk stelle ein liten jordlapp i fellesskap med andre. Her kan ein få utløp for kreativitet og skaparglede, seier Lønnestad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordførar Halfdan Haugan (Ap) synest prosjektet er spennande.

– Dette vil lyfte Seljord sentrum og kunne bli ein møteplass. Det er moro at slikt skjer.

– Eg er så gamal at eg hugsar hagen til husmorskulen. Den var eit flott syn, legg han til.

Ordføraren fekk æra av å så dei fyrste solsikkefrøa i hagen. Tysdag var barnehagebarn frå Seljord med og sette jordeple. Når dei same barna byrjar på skulen til hausten skal dei ta opp jordepla.

 

Seljord økologiske hage

– Ideell foreining som skal etablere og drifte ein økologisk hage i Seljord sentrum.

– Foreininga skal leggje vekt på å vise samanheng mellom miljø, mat og helse.

– Hagen skal vera ein møteplass for innbyggjarane og gjester, og skal bestå av ein skulehage, ein prydhage, ein demonstrasjonshage og ein parsellhage. Han skal vera til inspirasjon og glede, og skal bogne av grønsaker, urter og blomar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kjelde: Seljord økologiske hage