Haukelifjell: Tunneloppgradering på E134 til 340 millioner kroner. Egersund-firmaet Bertelsen & Garpestad AS skal oppgradere to tunnelar og eitt rasoverbygg på Haukelifjell dei neste tre åra.

Fekk jobben med tunneloppgradering på Haukelifjell

Torsdag vart det klart at Bertelsen & Garpestad AS fekk jobben med å oppgradere to tunnelar og eitt rasoverbygg på E134 på Haukelifjell. Prislappen på prosjekta er 340 millionar kroner.

Dei to tunnelane Vågslid og Haukeli skal oppgraderast, og Svandalsflona skredoverbygg skal byggast. Arbeidet startar med Vågslid-tunnelen, då skal den gamle Haukelivegen brukast som omkøyringsveg for lett trafikk og Haukeliekspressen. På nettene blir det stengt for tungtransport, medan det blir kolonnekøyring på dagtid. Den gamle riksvegen gjennom Dyrskar skal vere omkøyringsveg når arbeida startar i Haukelitunnelen.

Ferdig i 2022

Prosjektet med å oppgradere tunnelane skal gå over tre sesongar. Anleggsarbeidet tek til 15. juni i år og er planlagd ferdig til 30. september 2022.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me legg opp til at me kan arbeide der frå 15. juni til 15. oktober kvart år. Det blir mykje regulering av trafikken, særleg tungtrafikken. Hovudvegen blir stengt, og me skiltar godt fleire stadar i sør-Noreg. I tillegg informerer me også om arbeidet og trafikkomlegginga på alle ferjer som kjem frå kontinentet, seier prosjektleiar Stig Berg-Thomassen i ei pressemelding.

Håpar snøen er borte til 15. juni: – Akkurat nå ligg det fjorten meter med snø i Dyrskar, så me held på med å kalke traseen frå helikopter, seier Stig Berg-Thomassen.

– Akkurat nå ligg det fjorten meter med snø i Dyrskar, så me held på med å kalke traseen frå helikopter, seier Berg-Thomassen, og håpar at snøen er borte til 15. juni.