90 år gamle Kjetil Nedrebø hadde alt i orden då lensmann Odd Skeivoll stoppa han.
90 år gamle Kjetil Nedrebø hadde alt i orden då lensmann Odd Skeivoll stoppa han.

Årets åttande kontroll

På den åttande politikontrollen i Fyresdal i år fekk 4 av 25 sjåførar merknader. Bygdas eldste bilførar hadde alt i orden.

Tysdag hadde Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll og to personar frå UP kontroll like nord for sentrum i kommunen. På grunn av eit bistandsoppdrag som hasta, måtte UP vidare nokså fort, medan Skeivoll fortsette kontrollen etter planen. Det blei mellom anna sjekka om folk køyrde med promille.

Totalt blei det stoppa 25 køyretøy. To sjåførar blei tatt for å køyre utan bilbelte. Skeivoll er ikkje nøgd med eit slikt resultat.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter mange år i politiet har eg ein nullvisjon når det gjeld bilbelte. Hadde folk brukt bilbelte er eg ikkje i tvil om at mange ville ha overlevd når det har vore dødsulykker, seier Skeivoll.

Han nemner eit døme om ein sjåfør utan belte som ved ei ulykke blei kasta over passasjersetet og deretter omkom. Førarsetet var like heilt.

Påminningar

Ved kontrollen tysdag blei det også gjeve to skriftlege pålegg. Det eine galdt ein eldre person som ikkje hadde fornya legeattesten. Er ein over 70 år må sjåføren ha godkjent legeattest, og den må fornyast etter ei fasttid, ofte to år.

– Den eldre personen må la bilen stå til han har fått ny legeattest. Eg ringde legekontoret med ein gong og fekk time for han, fortel lensmannen.

Han legg til at generelt i kontrollane får folk ei aha-oppleving med at politiet minner til dømes om at førarkortet eller legeattesten snart går ut.

Lensmannen og politiet har til no i år hatt åtte kontrollar i Fyresdal, inkludert oppdrag for å sjekke om folk køyrer lovleg på snøskuter. Ei side ved kontrollane er at lensmannen får triveleg kontakt med mange folk.

– Bygdekontrollane i Fyresdal har førebyggjande effekt, og det er viktig at me viser oss. Det er få trafikkulykker i kommunen, og det har mange årsaker. Men eg trur det også har samanheng med at folk aldri veit når me er ute på vegen, seier Skeivoll.

– Kva dag skal du ha neste kontroll, spør bladfyken.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det får du ikkje greie på, humrar Skeivoll.

– Her kjem me som lyn frå klar himmel, avsluttar lensmannen i Fyresdal.