Bikkje i plastsekk på Fyresvatn
Torsdag oppdaga ein hytteeigar ei bikkje som låg delvis skjult i ein plastsekk flytande ute på Fyresvatn like nord for Kilegrend. Lensmannen i Fyresdal etterforskar saka og bed hundeeigaren melde seg.
For to dagar sidan såg ein hytteeigar via kikkert at ei bikkje som låg med meste av kroppen i ein plastsekk, låg og flaut 100 meter frå land ved Ormevja nord for Kilegrend. Lensmann Odd Skeivoll rykte ut og fekk henta bikkja i land frå Fyresvatn.
Makabert! Det finst bare eitt ord om dette. Det er heilt utruleg at folk bare hiv bikkja på vatnet, ristar Skeivoll på hovudet etter hendinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er lettvint å finne ein grei gravplass for ei bikkje. Dette blir det sak av, eg må finne ut kven som har gjort dette, held lensmannen fram.
Ung tispe
Bikkja er ei ung elghundtispe, men truleg ikkje rein rase. Etter at bikkja vart synt til Mattilsynet i går og ho vart obdusert, seier Skeivoll at det ikkje ser ut som at drukning er dødsårsaka.
Eg har min eigen teori om kva som har skjedd, men vil førebels ikkje ut med det, seier Skeivoll.
Då bikkja vart funne stakk bakparten ut av ein svart søppelsekk merka Renovest. Lensmann Skeivoll oppmodar folk om å kome med tips i saka.
Eg vil også be om at hundeeigaren tek kontakt. Då vil saka stille seg annleis for personen som har kvitta seg med bikkja på denne måten, avsluttar Skeivoll.