Bak haugen med mange inkassokrav held Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll den største rekninga av dei alle; 512.851 kroner. Vesttelen med kjempegjeld etter bruk av sex-telefonar, får no hjelp av lensmannen for å kome seg ut av uføret.
Bak haugen med mange inkassokrav held Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll den største rekninga av dei alle; 512.851 kroner. Vesttelen med kjempegjeld etter bruk av sex-telefonar, får no hjelp av lensmannen for å kome seg ut av uføret.

Kjempegjeld etter hotline-telefonar

Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll fekk denne veka ei sak på bordet der ein vesttele har fått inkassokrav på til saman 750.000 kroner etter å ha ringt sex-telefonar. – Mannen har slått nummer det nesten er livsfarleg å ringje. No let han telefonen liggje, han kan jo ikkje fortsette i den duren. Dette er eigentleg ei trist sak. Målet mitt er å kome til ei løysing som går i mannens favør, og derfor har eg bede om at gjelda på 750.000 kroner blir sletta, fortel lensmann Odd Skeivoll. Han åtvarar folk sterkt mot å ringje hotline-telefonar.

Måndag morgon blei Fyresdal-lensmann Odd Skeivoll kontakta av ein mann som sa han visste om eit problem han trong hjelp til. Litt seinare på dagen troppa mannen opp på lensmannskontoret med ein tjukk bunke papir. Personen møtte på vegne av ein kjenning i Vest-Telemark.

– Mannen sa han hadde ei lei sak og var rådlaus. Så drog han fram mange papir. Eg spurde kva det handla om. Svaret var inkassokrav for å ha ringt sex-telefonar, og det låg ved skriv frå fleire prosessfullmektigar. Då eg byrja å summere krava inkludert renter og gebyr, er det snakk om 750.000 kroner totalt, seier Skeivoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No dreg du han vel litt vel langt?

– Nei, nei, nei. Ei av rekningane var oppe i over 500.000 kroner, for samtaler i 2004 og 2005, svarar lensmannen.

– Nesten livsfarleg å ringje

Ein må bare undre på korleis det går an å få ei rekning på til saman 750.000 kroner etter bruk av telefonen.

– Mannen har slått nummer det nesten er livsfarleg å ringje. Ein er oppe i kostnad på fleire kroner for kvart sekund. Litt galgenhumoristisk sagt; det er betre å reise ein tur til Oslo, seier Skeivoll.

Han fortel at personen har forstått alvoret i saka.

– No let han telefonen liggje. Han kan jo ikkje fortsette i den duren. Men dette er eigentleg ei trist sak. Ein kunne ikkje tru det er sant. Eg hadde aldri trudd eg skulle kome borti ei sak som dette med dei dimensjonane, seier lensmannen.

Åtvarar

Han fortel at personen som no sit med kjempegjeld etter telefoneringa, økonomisk ikkje har høve til å kome ut av det på nokon måte. Lensmannen har derfor skrive brev til prosessfullmektigane om mannens økonomiske situasjon.

– Den einaste moglegheita eg ser er å ettergje heile beløpet på 750.000 kroner. Eg håpar det ikkje blir reist sak mot mannen, for ei slik sak står han aldri av økonomisk. Målet mitt no er å kome til ei løysing som går i mannens favør. Han kan ikkje slite med denne saka resten av livet, seier Skeivoll.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det dukkar opp ei spesiell sak som dette er lensmannen ikkje bare oppteken av å hjelpe manneen ut av knipa han har telefonert seg inn i. Skeivoll ynskjer i tillegg å åtvare folk, og bed dei vere bevisste og ikkje ringje slike telefonar.

– Det er farlege greier det er snakk om. Vil folk bli blakke i ein fei, er det bare å ringje, ristar Skeivoll på hovudet.