Kviteseid historielag inviterte kviteseidingar til å skrive om hendingar dei hugsa frå gamle dagar. Ordførar Torstein Tveito (f.v.) delte ut premiar til Svein Dag Midtsund og Bjørgulv Sandåker. Til høgre leiar i historielaget, Torleif Omtveit. Vinnaren av tevlinga, Gunnhild Heggtveit Kjellsen, var hindra frå å mottake fyrstepremien torsdag.
Kviteseid historielag inviterte kviteseidingar til å skrive om hendingar dei hugsa frå gamle dagar. Ordførar Torstein Tveito (f.v.) delte ut premiar til Svein Dag Midtsund og Bjørgulv Sandåker. Til høgre leiar i historielaget, Torleif Omtveit. Vinnaren av tevlinga, Gunnhild Heggtveit Kjellsen, var hindra frå å mottake fyrstepremien torsdag.

Barndomsminne vann pris

Gunnhild Heggtveit Kjellsens skildring av barndomen i Åsgrend gjekk til topps i tevlinga om Tor O. Sandens pris «Slik eg hugsar det».

Kviteseid Historielag fekk inn 17 forteljingar av 14 ulike deltakarar i tevlinga om Tor O. Sandens pris «Slik eg hugsar det».

– Me var spente på kva mottaking tevlinga ville få og blei positivt overraska over alle bidraga. Det var mange gode og forskjellige svar frå alle delar av kommunen, sa Torleif Omtveit, leiar i Kviteseid Historielag, under festkvelden på Sundvang torsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den utflytta åsgrendingen Gunnhild Heggtveit Kjellsen, no busett i Gvarv, stakk av med fyrstepremien på 5.000 kroner for skildringa av barndomen i Åsgrend. Forteljinga var delt i tri bolkar og tok for seg mellom anna turar til Kviteseid, skulegang og førjolsstemning.

Rikt minnebilete

«Svaret på oppgåva gjev eit rikt minnebilete frå barneåra i Kviteseid. Det fortel om Kviteseid kommune, om skulen og kulturlivet, og gjev eit mangesidig nærbilete av livet i heimen med tradisjonar og verdiar», heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Magnhild Lauvdal, Arne Bjørnson og Torleif Omtveit har sete i juryen og dei har hatt ein vanskeleg jobb med å kåre ein vinnar. Dei la vekt på den lokalhistoriske verdien og framstillingsmåten.

Bjørgulv Sandåker frå Morgedal blei nummer to i tevlinga med ei forteljing om livet i Morgedal på 1940-50 talet, slik ein ungdom opplevde det.

– Språket er i særklasse, sterkt dialektmerkt Morgedalsmål med ei mengd gamle gode ord og uttrykk, kytte juryen.

Svein Dag Midtsund fekk tredjepremie for si skildring av eit hopprenn i Stålandbakken på slutten av 50-talet, slik Midtsund opplevde det som åtteåring.

Ordførar Torstein Tveito dela ut prisane og han var imponert av dei mange bidraga.

– Eg er imponert over innbyggjarane i Kviteseid som er så flinke til å skrive. Eg har lese dei mange gode forteljingane. Nokre gonger lo eg, andre gonger var det mest så tårane trilla, uttala Tveito, før han kunngjorde dei tri vinnarane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blir utgjeven i samla form

Tor O. Sanden gav for eit par år sidan bort til historielaget ting han hadde skrive gjennom eit langt liv, for at dette skulle bli tatt vare på. Songar, prologar og lokalhistoriske stykke blei til boka «Sol over land». Saman med den skriftlege gåva fekk også historielaget 100.000 kroner til produksjonsutgifter. Etter at boka var utgjeven var det eit overskot i rekneskapen og det blei bestemt at det skulle opprettast ein pris for å få fram meir lokalhistorisk stoff frå Kviteseid.

– Me ville bruke pengane me hadde att til noko nyttig, og i Tor Sanden si ånd. Derfor inviterte me kviteseidingar til å skrive om hendingar og tidsbilete innanfor temaet «Slik eg hugsar det», fortel Torleif Omtveit.

Etter kvart skal alle bidraga bli gjevne ut i samla form. Anten som eit hefte eller som årsskriftet «Gamalt frå Kviteseid».

Festkvelden blei arrangert av historielaget i samarbeid med Kviteseid Mållag. Tusseleiken i Seljord underheldt med musikk og dans.