– Ulv i Fyresdal

Ein fyresdøl varsla sist onsdag at han såg ein ulv då han kom køyrande på fylkesvegen om lag 300 meter nord for krysset ned til Skomdal, ikkje langt frå Våmur.

– Han var heilt sikkert på at det var ulv han såg, og det trur eg heilt og fullt på, seier skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sist januar blei det sett ulv i Kilegrend, eit stykke lenger sør. Kanskje kan det vere same ulven som blei sett i førre veke, men det er sjølvsagt ikkje lett å vite, nemner Momrak-Haugan.