Sola har kome – no blir det jubileumsfest
I morgon er det klart for den tradisjonelle solfesten på Dalen, og i år det for trettiande gong.
– Tenk at det er 30 år sidan solfesten blei arrangert for fyrste gong her på Dalen. Solprisen har me delt ut frå og med 1995, fortel leiar i næringssamskipnaden, Nora Vinjerui.
Arrangementet i år blir tradisjonelt med oppmøte på torvet utanfor blomsterbutikken der solfesttoget etter kvart set kursen nordover mot kulturhuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Hotellbilen skal leie an opptoget, og me reknar med at det blir mange deltakarar. Solfesten er etter måten eit stort arrangement med eit par hundre frammøtte, seier ho.
Kostyme og finvêr
Vinjerui reknar med at det blir mange som tek på seg kostyme og blir med i morgon.
– Det er meldt sol, sol og atter sol, så det heile ligg godt til rette for at det blir ein kjempeflott dag. Me har førebels ikkje avgjort kven som får årets solpris, så dei som møter fram på arrangementet får leve i spenning fram til då. Eg vil også nemne at me får besøk av Erik Mogeno, ein dyktig tryllekunstnar og buktalar, som også var her i fjor, smiler Vinjerui.
Vidare opplyser ho at Gla’dansen syter for matsal og basar på kulturhuset.