«Snur seg til Sp for at me skal bidra for distriktet»
Dette meiner stortingsklare og telemarking Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) er ei årsak til at partiet gjorde eit svært bra val i Vest-Telemark.
Stortingskandidatane i Telemark og mange andre politikarar var samla måndagskvelden på valvaka Varden, TA og NRK Telemark samarbeidde om i Ibsenhuset i Skien.
– Det er følelsar og sommarfuglar innvendig, seier Åslaug Sem-Jacobsen frå Heddal i starten av kvelden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Gjett om eg er spent!, seier toppkandidat Solveig Sundbø Abrahamsen (H) frå Seljord, lysten på periode nummer to på Løvebakken.
– Eg har det bra, men er spent, seier Lene Vågsli (Ap) frå Dalen. Då tenkjer ho nok ikkje på at ho kan miste plassen som andrekandidat, men at tredjekandidaten Christian Tynning Bjørnø kan få det tøft med å sikre fortsatt stortingsplass.
Frikar nesten ut
Eit stykke utpå kvelden er røystene i Skien og Porsgrunn ikkje talde opp, men tal frå andre kommunar viser at Sem-Jacobsen førebels er inne på Stortinget. På same tid er signalet at Høgre gjer det svært bra, og kanskje vil ta eitt mandat til på kostnad av Sp?
– Nå frikar eg nesten ut, for nå er det for spennande når Høgre gjer det så bra, seier Sp-toppen.
Litt over klokka 23:
– Får me bare to mandat er det skuffande, seier Vågslid.
– I Vest-Telemark har ein del av våre stemmer gått til Sp, held Ap-toppen fram.
Sem-Jacobsen er bare eit stort smil.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Sp har gjort eit kjempeval i Vest-Telemark, og det er flott å sjå. Det betyr at Vest-Telemark snur seg til oss for at me skal bidra for distriktet framover. I Vest-Telemark er dei ikkje fornøgde med kursen til regjeringa, seier Sp-toppen.
I full fart
Olav Urbø frå Tokke, andrekandidaten på Sp-lista, sprett noko seinare til, etter å ha lest ei melding som viser at partifella garantert er inne på tinget.
– Nå er det klart, eg må hente blomar, seier han til bladfyken og stikk i full fart. Like etter er han tilbake, og Sem-Jacobsen står like ved. Urbø gjev ho blomane med stor glede.
– Er de sikre, ropar Sem-Jacobsen, og ser på ein Sp-gjeng som med store smil veit at nå blir endeleg Telemark Sp representert på Stortinget att. Applausen står i taket.
Kamp om sistemandatet
Tal frå i natt viser at Sem-Jacobsen, Abrahamsen, Vågslid, Terje Lien Aasland (Ap) og Bård Hoksrud (Frp) er klare for fire år på Stortinget.
Kven som får utjamningsmandatet, Geir Jørgen Bekkevold (KrF) eller Ådne Naper (SV), blir kanskje ikkje klart før utpå tysdagen. Bekkevold leia det jamne løpet eit par timar over midnatt, men før det svinga det mellom han og Naper.
Elles er det klart at det ikkje blir regjeringsskifte, og Erna Solberg fortset som statsminister. Ap gjorde eit dårleg val.
– Det gjekk rett i dass. Nå blei me slått saman med Vestfold, seier Terje Lien Aasland på veg ut av Ibsenhuset.
Artikkelen held fram under annonsen.
VTB kjem utover tysdag med meir frå valet.