Hildegunn Saltbones Tveit (tv), Liv Irene Mandt Lindvig, Anne Marie Follaug og Veslemøy Stokker-Li
Hildegunn Saltbones Tveit (tv), Liv Irene Mandt Lindvig, Anne Marie Follaug og Veslemøy Stokker-Li

Fryktar innbyggjarflukt ved stipendkutt

Foreldre i Nissedal meiner kutt i bortebuarstipendet vil gjere at familiar må flytte frå distriktet til bynære strok.

Regjeringa føreslår å behovsprøve bortebuarstipendet til elevane i vidaregåande skule, og også til lærlingar. Blir dette vedteke i Stortinget, vil mange unge få redusert stipendet som no er på 40.000 kroner i året. Dette reagerer fire foreldre i Nissedal kraftig på. Dei har roller i Foreldras arbeidsutval (Fau) og Samarbeidsutval (Su) ved skulane i kommunen.

– Å kutte i bortebuarstipendet er totalt krise. Blir stipendet til dotter mi halvert, har eg ikkje anna val enn å flytte til byen. Då får ho gå på vidaregåande skule der og bu hos meg, seier Anne Marie Follaug, leiar i Fau og nestleiar i SU ved skulen i Treungen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho legg til at ein ikkje får økonomisk hjelp frå Lånekassa dei tre fyrste åra på vidaregåande skule.

Forstår ikkje konsekvensen

Slik forslaget er frå regjeringa, vil dotter til Follaug miste 20 000 kroner i året i bortebuarstipend. Og grunnstipendet på litt over 20 000 kroner får ho heller ikkje nytte seg av. I tillegg kjem utgifter til reiser til og frå skulen når ho er heimom. Og slike utgifter gjeld mange på bygdene som må flytte for meir skulegang.

– Å kutte i bortebuarstipendet vil ramme alle i Distrikts-Noreg som må flytte for å gå på vidaregåande skule. Eg trur ikkje regjeringa forstår konsekvensen av å bu i distrikta, seier Follaug.

Dottera går på Kvitsund Gymnas i Kviteseid, ein skule som fryktar kutt i stipendordninga gjev færre elevar og ein økonomisk smell for det privatdrivne tilbodet.

– Det blir eit enormt tap om ein så fin skule som Kvitsund skulle forsvinne, seier Follaug.

Distriktsfiendtleg

Hildegunn Saltbones Tveit er leiar i SU ved skulen i Treungen.

– Å kutte i bortebuarstipendet er distriktsfiendtleg politikk. Alle her i kommunen der foreldra har normal økonomi, vil få bortebuarstipendet temmeleg redusert for eleven sin. Eg trur mange foreldre vil føle seg pressa til å flytte frå distriktet for å bu saman med vidaregåande-eleven, seier ho.

– Om det blir kommunesamanslåing, blir vidaregåande skular lagt ned. Då må endå fleire familiar flytte, seier Liv Irene Mandt Lindvig, leiar i SU ved Fjone skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kommunen må engasjere seg i saka, for her blir det ein del familieflyttingar, seier Veslemøy Stokker-Li, leiar i Fau ved Kyrkjebygda oppvekstsenter.

I tillegg oppmodar ho og dei tre andre til at foreldre engasjerer seg og seier frå kva dei meiner om kuttet.

– Send epost til Foreldreutvalet i grunnopplæring (Fug) for at dei skal få mest mogleg grunnlag til eit høyringsutspel, seier nissedølane.

– Det er blodig urettferdig at kutt i bortebuarstipendet skal gå ut over oss i Distrikts-Noreg. Me har ikkje noko val. Vidaregåande elevar må bu borte, avsluttar fire fortvila foreldre.

Meiner forslaget diskriminerer bygdeungdom

Nissedalrådmann Sverre Sæter har overlevert KrF-leiar Knut Arild Hareide personleg ei tilbakemelding om synet på behovsprøving av bortebuarstipendet, slik Høgre og Frp ynskjer.

– Behovsprøving er lite klokt av fleire årsaker. Eg synest ikkje noko særleg om at vala ungdom gjer om til dømes kva skule dei skal gå på, er avhengig av kva foreldra tener. Resultatet av å avkorte stipend monaleg kan bli at ungdom må velje ein vidaregåande skule ikkje etter eigen plan, men som er så nær at eleven kan bu heime, uttaler rådmannen.

Han minner om at ungdom i distriktet har lang avstand til vidaregåande skular, og at dei må bu på hybel eller internat.

– Forslaget om å redusere bortebuarstipendet diskriminerer ungdom på bygda, meiner Sæter.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han set si lit til at KrF står på slik at ein slepp å oppleve at bortebuarstipendet blir behovsprøvd.