Eivind Prestholt legg si røyst i kommune- og fylkestingvalet i urna etter at Solfrid Bjørge og Knut Dyrland i røystenemna har kontrollert setlane.
Eivind Prestholt legg si røyst i kommune- og fylkestingvalet i urna etter at Solfrid Bjørge og Knut Dyrland i røystenemna har kontrollert setlane.

Valets siste røyst i urna

På slaget åtte fall den siste røystesetelen for kommunestyre- og fylkestingvalet ned i urna inne i Gamlesalen på Granvin i Seljord.

Talet på valkrinsar i Seljord kommune har blitt redusert med åra. I år 2000 var det til dømes høve til å røyste i åtte valkrinsar: Vefall-Brekke, på Garvik, i Flatdal, Åmotsdal, Mandal, Langlim, Nordbygdi og i Seljord sentrum.

I 2006 blei talet på valkrinsar redusert til seks, og Mandal og Nordbygdi mista røystelokala sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 2011 blei det vedteke ei ny redusering, og valkrinsane blei gjort om til dei tre krinsane som tok i mot veljarane til dette kommune- og fylkestingvalet.

Godt besøk

I Åmotsdal stengde røystelokala ein og ein halv time før sentrum, medan i Flatdal stengde urna ein time før røystelokala på Granvin.

Åse Venås i røystestyret i Seljord fortel om godt besøk heile dagen ved valet i sentrum, og på slaget åtte stenger ho og resten av røystestyret vallokalet og tar med urnene til kommunehuset der teljekorpset sit klart.

Halgeir Brekke, Kåre Groven og Gøril Haugstøl grovsorterer setlane som kjem inn.
Halgeir Brekke, Kåre Groven og Gøril Haugstøl grovsorterer setlane som kjem inn.

Godt i rute

– Røystene frå Åmotsdal er talt opp, me går i gang med setlane frå Flatdal nå, fortel Janne Torjusrød i Seljord kommune. Ho meiner dei er godt i rute.

Røystene frå Seljord blir lyfta ut av urnene og Halgeir Brekke, Kåre Groven og Gøril Haugstøl tar imot setlane og legg dei fint i bunker. Eit teljekorps held fram med å grovtelje talet på røyster som kjem inn før bunkane går inn til Torjusrød og kollegaer som tar seg av den digitale registreringa av røystene.