Vegstell som pirrar flyttelysta
Med den elendige Kleivgrendvegen i tankane trur fyresdølen Arild Gaaren han er siste generasjon som vil bu i grenda. Gaaren sender eit spark i baken på fylkespolitikarane som han meiner er for dårlege til å prioritere vegane.
Bonde Arild Gaaren karakteriserer den fleire kilometer lange fylkesvegen til Kleivgrend som eit lappverk med mange centimeter høgdeskilnad, og meiner vegstandarden gjer det helsefarleg å køyre traktor.
Me opplever eit vegstell som ikkje liknar grisen. Når vegarbeidarane kjem og lappar rundt steinane i vegen er det omtrent som å sjå når ungane er ute og leikar. Å kaste asfalt på vegen med spade synest eg ikkje noko om. Du skal ikkje vere så veldig oppegåande for å sjå at det er gravemaskin som trengst fyrst, seier Gaaren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Siste generasjon
Han meiner det finst pengar for å rette på ein elendig vegstandard, og synest fylkespolitikarane er blant dei som er for dårlege til å prioritere vegane i distrikta.
Sjølve livsnerva i Noreg er å ha vegar. Staten pålegg bu- og driveplikt på gardane, men då nyttar det ikkje å leggje ned vegstellet. Det beste for staten er vel at folk flyttar frå ein utkant som Kleivgrend. Eg har vore inne på tanken at det beste er å flytte. Frustrasjonen blir større og større, og det trur eg gjer at folk vil flytte frå grenda. Det blir i alle fall ingen nyetableringar her. På grunn av vegen trur eg me er siste generasjon som bur i Kleivgrend, seier Gaaren i fullt alvor.
Både han og kona Else Marie kan sitje i stoga og høyre det smell når understellet på bilane slår i den ujamne vegbanen like utanfor bustadhuset.
Kanskje kan me snart byrje å selje eksospotter og botnpanner her. Det burde ikkje vere lovleg med så dårlege vegar når ein skal køyre her kvar dag, seier Else Marie.
Arild har lagt merke til at Aust-Agder har fine vegar, og der blir det asfaltert så fort standarden ikkje er slik han skal vere.
Her i fylket skjer det ingen ting. Telemark er gløymd, seier Arild, undrande på kvifor ikkje Telemark kan ha oppdatert vegvedlikehald, slik som nabofylket klarer år etter år.
Fryktar grenda aldri får god veg
Fyresdølen Bendik Taraldlien måtte le då han ein augustdag køyrde Kleivgrendvegen og fekk sjå at vegarbeidarane nok ein gong gjekk med spadar for å lappe hol.
Eg tenkte; dette er reine skodespelet. Eg smilte til vegarbeidarane då dei gav meg klarsignal til å køyre forbi. Dei kan jo ikkje noko for at det bare held fram på denne måten. Men når skal Vegvesenet lære og gjere det skikkeleg? Lappinga hjelper ingenting, vegen blir bare verre og verre for kvart år. Eg trudde lappetidene var forbi, seier Taraldlien.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han minner om at Noreg er eit rikt land. På same tid opplever han at utlendingane ristar på hovudet over vegstandarden og lurar på kven i all verda det er som styrer her.
Frustrasjonen vil ta overhand ein dag. Sakte, men sikkert vil det minke med folk som vil bu i utkantane. Og folk vil heller ha hytter der det er fine vegar. Slik som det ser ut nå, kjem det aldri nokon gong til å bli veg til Kleivgrend, meiner Taraldlien.
Eit stykke innover fylkesvegen mot Kleivgrend har Fyresdal kommune bruka 900.000 kroner på ny asfalt opp vegen til Åslandsgrend.
Her har kommunen teke til fornuft og rive i. Det burde andre også gjere, avsluttar Taraldlien.