Som den yngste stjerna av dei alle på scenen syntest Maren Solberg (8) frå Treungen det var stas å få synge på festival.
Som den yngste stjerna av dei alle på scenen syntest Maren Solberg (8) frå Treungen det var stas å få synge på festival.

Den yngste festivalstjerna

1 200 små og store gjester møtte fram då den 15. utgåva av Treungenfestivalen opna med rusfritt arrangement onsdag. Fyrst ut fekk dei lokale, unge artistane skine før artistar som Julie Bergan, Katastrofe og Freddy Kalas fekk publikum med på dans og allsong på Sommarsletta.

Festivalgeneral i Treungen, Jørgen Solberg, let dei yngste lokale stjernene opne årets Treungenfestival onsdag ettermiddag. Han uttala tidlegare at det var på dette viset ein kunne så spirer for komande artistar.

På det rusfrie arrangementet melder Solberg at det var 1200 frammøtte som kosa seg med det musikalske programmet som strakk seg over seks timar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Yngst

Maren Solberg var den yngste artisten av dei alle onsdag ettermiddag. Ho framførte låta «Du stod der og lo», og fortel at ho hadde førebudd seg til festivaldebuten i eit par månadar.

– Eg blei ganske glad då eg fekk vite at eg skulle få synge her. Eg grua meg litt i før eg gjekk på scenen, seier den modige treungen som fyller 8 år på sundag.

Ungjenta er nøgd med framføringa, og seier at draumen er å få stå på ein gigantisk scene.

Adrian Emile (t.h) og Karl Fredrik Dahl frå Drøbak-duoen Innertier fekk fart på det unge publikumet i Treungen.
Adrian Emile (t.h) og Karl Fredrik Dahl frå Drøbak-duoen Innertier fekk fart på det unge publikumet i Treungen.
Symre Taugbøl Bang frå Morgedal var ein av dei ti lokale ungdommane som fekk stå på festivalscenen onsdag.
Symre Taugbøl Bang frå Morgedal var ein av dei ti lokale ungdommane som fekk stå på festivalscenen onsdag.
Skiensjenta Julie Bergan skapte god stemning og klarte til slutt å jage bort regntunge skyer og lokke sola fram.
Skiensjenta Julie Bergan skapte god stemning og klarte til slutt å jage bort regntunge skyer og lokke sola fram.
God stemning på Treungenfestivalens fyrste dag onsdag.
God stemning på Treungenfestivalens fyrste dag onsdag.
Katastrofe
Katastrofe
Freddy Kalas
Freddy Kalas
Ungdomsarrangementet på Treungenfestivalen er ein flott arena der barn, unge og vaksne kan kose seg saman.
Ungdomsarrangementet på Treungenfestivalen er ein flott arena der barn, unge og vaksne kan kose seg saman.

– Men fyrst må eg bli litt eldre, altså. Å vere med på MGP junior hadde vore moro ein gong, smiler ho drøymande.

8-åringen gleda seg veldig til å sjå Katastrofe og Julie Bergan opptre på scenen i heimbygda.

Solberg var med å skape ein flott start på årets festival saman med Julianne og Vibekke Homme med lokale band frå Treungen, Mirja Veum, Silje Øksland Krohne, Mari Askersrud Johanssen med band frå Fyresdal og Symre Taugbøl Bang frå Morgedal.

Langt frå sure

Etter dei mest lokale artistane hadde gått av scenen var det klart for eit lite comeback for Unik4, Bø-bandet som vann MGP jr i 2013 med «Så sur da». Bandet som nå tel seks medlemmer har ligge i ro ei stund, men leverte nye eigenproduserte låtar som skapte god stemning på Sommarsletta. Og då dei framførte MGP jr-låta blei det skikkeleg allsong frå den yngre garde.

Byger og sol

Innimellom regnbyger og sol veksla den eldre delen publikum på å trekke under tak, medan dei ivrigaste unge heldt ut framme med scenen. Både Innertier og Julie Bergan prøva å jage regnet bort, og stemninga og jubelen steig betrakteleg då sola braut gjennom. Då hadde også store delar av publikum funne vegen til Sommarsletta, og blei med på allsong, hopping og dans saman med Katastrofe og Freddy Kalas.