Bjarne Brøndbo og resten av bandet DDE fekk opp stemninga i ausregnet på Rauland onsdag.
Bjarne Brøndbo og resten av bandet DDE fekk opp stemninga i ausregnet på Rauland onsdag.

Her blei det liv i øs, pøs

Trass i at regnet ausa ned møtte tusen gjester fram då Namsos-rockerane i DDE gjekk på scenen under Sommarfestivalen på Rauland onsdag.

Det var bare å sikre seg eit telttak over hovudet om du ikkje var kledd i regnklede eller hadde paraply, for vêrgudane var ikkje særleg greie med arrangørane av Sommarfestivalen onsdag.

Turistsjef Torben Andersen var likevel veldig fornøgd med at tusen gjester trassa det våte vêret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er glad for at det kom så mange, og at dei laga så god stemning på konserten. Sjølv når det regna møtte folk fram. Det er gledeleg, seier Andersen.

Vokalist Bjarne Brøndbo i DDE var i godt humør, og gjorde sitt til at regndrukna gjester også fekk godstemninga ute på skuleplassen eller der dei sat tett i tett inne i serveringstelta. Dei aller ivrigaste gjestene let vêr vere vêr og stilte seg fremst ved scenen for å synge med på alle dei kjente songane til artistane som har trava små og store scenar over heile landet sidan starten av 1990-talet.

– Og vêret har me tatt med, og om det skulle bli for lite knott så har me med oss ein moskitomagnet som er fasevent, så då kan me køyre ut fem millionar knott som vil vere med å gje dykk ei totaloppleving, lova ein smilande Brøndbo.

Ausande regn, pøsande regn … Dei yngste gjestene storkosa seg i «godvêret», dei.
Ausande regn, pøsande regn … Dei yngste gjestene storkosa seg i «godvêret», dei.
Brøndbo serverte DDEs kjente låtar på rekkje og rad.
Brøndbo serverte DDEs kjente låtar på rekkje og rad.
Regnvêret stoppa ikkje desse jentene frå ein karuselltur.
Regnvêret stoppa ikkje desse jentene frå ein karuselltur.
Konsert med DDE under Rauland sommerfestival på skuleplassen i Krossen.
Konsert med DDE under Rauland sommerfestival på skuleplassen i Krossen.
Gjestene samla seg inne i teltet for å sikre seg mot regnet.
Gjestene samla seg inne i teltet for å sikre seg mot regnet.

Han kunne også avsløre at det passa ekstra fint å gjere sitt fyrste besøk til Rauland denne veka, sidan han var krinsmeister i orientering i 1976.

– Viss nokon treng hjelp med kompass og slikt, så kan eg sende bror min, skøya han.

Meir enn i påska

Sidan det både blir arrangert junior-VM og Sørlandsgalopp i orientering på Rauland denne veka, er det ekstra mykje folk i fjellbygda.

– Løpa har gått fint, og det skjer mykje gjennom heile veka både med konsertar og løpsarrangement. Over 40 ulike nasjonalitetar er med i junior-VM, det er spennande og moro, fortel turistsjefen.

– Korleis handterer bygda alle gjestene som er på besøk denne veka, er det påsketilstandar?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Måndag og tysdag var mykje av aktiviteten til både juniorverdsmeisterskapen og Sørlandsgaloppen lagt til sentrum, og då var det meir folk her enn det plar vere i påska. Me var nok på ein makskapasitet, men det løyste seg. Me var godt førebudd. Handelsnæringa merkar i alle fall ein god vekst i desse dagar, seier Andersen.

Han legg også til at belegget hos overnattingsstadane er svært gode.

Gode tal

Onsdag hadde orienteringsløparane pause frå tevlingar og kosa seg med ein fridag til å sjå seg omkring eller slappe av.

– Eg snakka med kollegaene mine i Tinn, og dei kunne fortelje at det hadde vore ekstremt mykje besøk frå gjestene som deltek på orienterings-arrangementa. Gjestene kom mellom anna til Krossobanen og Vemork på onsdag. Det er gledeleg at dei besøkande ser seg omkring, meiner Andersen.

Den konkurransefrie dagen blei også nytta til nokre rundar i karusellen på tivoliet ved skulen.

– Hadde det vore fint vêr, hadde det nok kome endå fleire gjester både til tivoliet og på konserten, trur turistsjefen.

– Men DDE var veldig fornøgde, dei sa etter konserten at det hadde vore god stemning med mange flotte folk, fortel Andersen.

Må evaluere

– Kva tankar har de om ein ny sommarfestival neste år?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me må setje oss ned og evaluere årets festival, sjå på aktuelle datoar og sjå på arrangement som ein eventuelt kunne knytt festivalen opp til. Me ser i alle fall at plassen eignar seg godt til konsert og med tivoliet rett ved sidan av. I god tid før neste sommar skal me ha landa ei avgjerd om det blir ny sommarfestival på Rauland, seier Andersen.

Salutt

Då trøndarane gjekk av scenen valte om lag halve publikumet også å trekkje heim og under skikkeleg tak.

– Halve publikumet blei att og kosa seg inne i serveringstelta då dj-en gjekk på scenen. Det var god stemning, og festivalkvelden blei avslutta med eit flott fyrverkeri. Alt i alt, ein skikkeleg fin kveld med god stemning, konkluderer turistsjef Torben Andersen.

Sommarfestivalen held fram til og med i dag laurdag med gratiskonsert med Anne Gravir Klykken. Tivoliet står også heile dagen i dag.