Feira bursdag med dobbeltsiger
Magnus Krog markerte laurdagens 24-årsdag med å vinne mot sterk motstand i noregscupen i kombinert. Etterpå blei det feiring med familien som kom på overraskingsbesøk til Voss.
Den internasjonale sesongen er over. Det betyr at dei beste også tevlar i noregscupen. Blant deltakarane på startstreken i Voss i helga var Mikko Kokslien som denne sesongen har vore verdas nest beste kombinertløpar, og Gudmund Storlien som blei tatt ut til VM i Oslo. Berre Magnus Moan, Håvard Klemetsen og Jan Schmid mangla av eliten.
Men Magnus Krog frå Hødayslmo som har vist storform etter nyttår, var best både laurdag og sundag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fullklaff, konkluderer kombinertutøvaren som fylte 24 år laurdag.
Mentalt krevjande
Spesielt fornøgd er han med sundagens konkurranse då han hoppa best av alle, og gjekk ut 52 sekundar føre nestemann. Kokslien, Storlein og Jonas Nermoen starta jakta på Krog, men dei måtte alle gje opp.
Det var ei veldig annleis, men god, erfaring å gå ut i tet. Det er mentalt veldig krevjande. Før starten i langrennet bestemte eg meg for å fokusere på å gå mitt eige løp frå start til mål, men når ein ofte ser og møter motstandarane som jagar bak, er det ikkje lett å halde fokus, seier Krog.
Eg klarte å spare litt krefter. Viss ein fyrst går på ein smell, kjem dei fort bakfrå, held han fram.
Krog hadde god kontroll og var i mål 19 sekundar føre Kokslien frå Søre Ål.
Laurdag gjekk Krog ut som nummer to, 28 sekundar bak den sterke hopparen Thomas Kjelbotn. Han tok raskt att Bardu-løparen, og heldt avstanden bak til Kokslien og dei andre. Dermed kunne Krog juble for siger på 24-årsdagen.
Ekstra gledeleg var det å vinne med familien på sidelina. Foreldre og sysken kom på overraskingsbesøk til Voss.
Eg skjøna lite då eg høyrde nokon rope namnet mitt, så såg eg mamma, pappa og syskena mine. Det var moro, seier Krog.
Artikkelen held fram under annonsen.
Positiv overrasking
På laurdagskvelden var det premieutdeling og middag på Smalahovetunet. Den populære vestlandsretten fall i smak hos jubilanten.
Det var ei positiv overrasking. Kjøtet var utruleg godt, konkluderer Krog.
Ei noregscuphelg står att på terminlista for kombinertløparane. I Trondheim neste helg stiller også Moan, Klemetsen og Schmid på startstreken, og Krog håpar å avslutte sesongen best mogleg.
Veslebror Anders Krog deltok også på Voss. Han blei nummer åtte på sundag og nummer fem på laurdag i yngre junior-klassa. Båe dagane hadde Krog tredje beste langrennstid i klassa med 15 deltakarar.