La 67 skiskyttarar bak seg
Skytinga starta ikkje så heilt bra for fyresdølen Bendik Aketun på laurdagens skiskyttar-NM. Men det skulle vise seg at meisterskapen slett ikkje blei nokon bomtur for 17-åringen, som prikka inn sitt fyrste NM-gull.
Laurdag var det junior-NM i skiskyting i Mo i Rana for fleire klasser. Saman med 67 andre stilte Bendik Aketun til fellesstart i 17-årsklassa. Aketun lykkast i å vere fyrst ut i starten, før det venta ein skikkeleg utforbakke det var greitt å vere fremst i for å unngå uhell.
Fyrste liggjande skyting blei ikkje heilt slik han hadde håpa på.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter tri bom tenkte eg at no må eg gjere det betre i resten av løpet, elles går det skeis, fortel Aketun til VTB.
Litt av ei opphenting
Som nummer 20 stakk han ut frå skytinga. På andre ligg blei det fire treff. Fyrste ståande klarte han fullt hus, og gjekk ut som nummer to. Det byrja å lukte medalje.
Eg må skyte bra på siste ståande, tenkte Aketun for seg sjølv der han stod på det han kunne i sporet.
Siste ståande skyting gav eit smell av fulltreffarar, og Aketun gjekk ut av stadion som fyrstemann.
No skal eg endeleg vinne, sa han til seg sjølv.
Han gjorde det han kunne for å halde dei næraste konkurrentane bak seg.
Eg følte meg ikkje truga på sisterunden, fortel den unge fyresdølen som klarte å ta det fyrste NM-gullet sitt.
Det var veldig nydeleg å gå fyrst over mål, etter litt av ei opphenting. No skal det bli stas å møte på premieutdelinga. Eg har nådd eit av dei store måla mine, og gullet gjev inspirasjon til vidare satsing, seier Aketun til VTB laurdag ettermiddag, like før fyresdølen skal få gullet sitt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Før helgas renn leia Aketun noregscupen. Etter sundagens renn der fyresdølen enda på femteplass i sprinten, held han framleis på leiartrøya.