Gav klarsignal til skuterløyper
Eit samrøystes kommunestyre i Vinje sa torsdag ja til løypenett for rekreasjonskøyring med snøskuter.
Etter at dei aktuelle grunneigarane også samtykka til skutertrafikk på eigedomane sine, er det mykje som tyder på at dei tre snøskuterklubbane i kommunen, Hauk Scooterklubb, Møsstrond Snøscooterklubb og Rauland snoskuterklubb, kjem til å få stor pågang dei komande dagane.
Også for utanbygds
Artikkelen held fram under annonsen.
I og med kommunestyrets vedtak torsdag, kan dei som er medlemar i ein av dei tre klubbane og har førarkort for snøskuter, søkje om løyve for rekreasjonskøyringa alt no. Sjølv om dei ikkje bur i Vinje kommune.
– Men dei kan ikkje køyre før snøskuterklubbane gjev klarsignal. Det vil seie at klubbane må skilte og merke løypene før det blir høve til å køyre i dei, sa Gry Åsne Aksvik Wienenga, plan- og økonomisjef i Vinje kommune.
I praksis vil altså dette seie at løyve kan gjevast med verknad frå no, men at køyringa ikkje kan ta til før traseane er klare.
– Dersom det skulle bli høve til å køyre alt i morgon, vil snøskuterklubbane få det umåteleg travelt i natt, smilte varaordførar Øystein Høgeteveit (SV) då vedtaket var gjort.
Høgevtveit overtok rolla til ordførar Jon Rikard Kleven (Sp), som var oppteken med møte i Oslo. Bibbi Tveito (Sp) vart valt som setjevaraordførar.
Inntil 400 årsløyve
Vedtaket inneber at det kan utferdast inntil 400 årsløyve, som kvart vil koste 800 kroner. Det vil også vere høve til å gje inntil 20 døgnløyve kvart døgn. Prisen for dette blei fastsett til 200 kroner. I vedtaket kom eit nytt punkt om turistløyve.
– Det vil seie at registrera turistbedrifter kan søkje om slikt løyve til å drive turisme. Prisen for eit slikt løyve har me sett til 5 000 kroner i året, sa saksordførar John Kleiv (Ap).
Tidspunkta for køyring i traseane er sett til tidsromet 05.00–24.00 for døgn- og årsløyve, medan turistløyvet gjeld mellom klokka 09.00 og 19.00.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det blei også vedteke at grunneigar eller heimelshavar på kvar eigedom som løypenettet er innom har rett på eitt gratis årsløyve. Men vedkomande må på lik line med andre som får løyve vere medlem i ein av dei tre skuterklubbane i Vinje kommune.
Stengjer seinast 5. mai
Traseane blir stengde når isforholda og snøføret tilseier det, og i alle fall blir dei stengde seinast 5. mai. Øvre fartsgrense er 70 kilometer i timen, og har du slede, men ikkje passasjer kan du maks køyre i 60. Om du har passasjer med deg er fartsgrensa 40 kilometer i timen.
Ordninga var føreslegen evaluert etter to år, men etter framlegg frå Kjetil Vaagen (Sp), blei det vedteke å evaluere etter sesongen 2016/2017, altså eitt år tidlegare enn fyrst bestemt.
Forskriftene er elles å finne på Vinje kommune sine heimesider.