Betaling for skuterløyper

NRK Telemark ogVest-Telemark blad har ei sak om at Opplysningsvesenets fond (Ovf) krev betaling for skuterkøyring på eigedomane våre.

Ovf er takksam og glad for at kommunen set i verk tiltak for å hindre ulovleg skuterkøyring i sårbar natur. I samband med det er vi blitt spurt om å leige ut grunn til kommunen til skuterløype. Løypa skal ikkje berre vere til nytteformål, men og til andre transportformål som morokøyring, og skuterløyve for morokøyring som næringsverksemd. Ovf vil ikkje på nokon måte hindre verken nyttekøyring vinterstid når det ikkje er vegsamband eller anna nytte- og transportkøyring. Etter vår vurdering er morokøyring noko anna. Det er grunnlaget vårt for kravet om ei lita leige på kr 7 000,- i året for bruken av areala våre. Leiga vil vel ikkje ein gong dekke opp for dei meirutgiftene Ovf får som følgje av auka behov for tilsyn med og tiltak på eigedomane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fondets oppdrag og ansvar
Lov om Opplysningsvesenets fond krev at vi driv verksemda vår på marknadsvilkår. Avkastinga skal gå til Den norske kyrkje. Ovf har eigedom over heile landet og legg prinsippa om likebehandling og forutsigbarheit til grunn for eigedomsforvaltninga. Vi møter frå tid til anna motvilje mot å betale og argument om grådigheit og liten vilje til dugnadsinnsats. Det er viktig for oss å få fram at vårt samfunnsoppdrag skil seg frå ansvaret til andre private grunneigarar. Staten fastset kvart år utbyttet vi skal utbetale til Den norske kyrkje. For 2015 var det samla 134 millionar kroner. Fondet får inntektene frå forvaltinga av eigedommane våre gjennom utleige og festeavgifter. Ovf er heilt avhengig av å sikre seg inntekter for å kunne vareta dette lovpålagte samfunnsansvaret. Vi kan forstå at Vinje kommune opplever det som urimeleg at dei skal måtte betale. Utfordringa vår er at mange andre kommunar meiner det same om eigedommar der vi har tilsvarande avtaler. Skal vi gje bort bruksretten til eigedomen vår i Vinje, vil det kunne ha verknad ut over heile landet og ha store konsekvensar for Ovf.

Vi gjer grundige vurderingar av kva vi skal ta betalt for og kva formål som vi kan la vere å ta leige for. Dette følgjer Riksrevisjonen nøye med på. For oss er det vesentleg at vi er forutsigbare og hansamar like tilfelle likt. For oss er motorisert morokøyring i utmark eit område som etter vårt skjøn tåler å yte leige. Kommunen får lett pengane att gjennom den årlige betalinga for skuterløyvet. I det store bildet bidreg desse små inntektene nettopp til at vi kan vareta vårt samfunnsoppdrag. Konkret for Vinje kommune gjeld dette mellom anna vedlikehaldet av Rauland og Vinje prestegardar.

Anne Stine Eger Mollestad,

eiendomsdirektør, Opplysningsvesenets fond