– Fuglejakt er kjempespennande
Heidi Wrålsen Evja frå Brunkeberg starta med fuglejakt for nokre år sidan. I haust har det blitt fleire turar til fjells på jakt etter fjellrypa.
39-åringen er nøgd etter ein flott tur til fjells på jakt etter fugl. På veggen heime heng to ryper til mørning etter jaktturen ho, ektemannen Erik og hunden Atika hadde førre helg.
– Erik er jeger og eg hadde lyst på hund, så slik kom ideen om at eg kunne prøve meg som jeger eg også, smiler Evja, som opphavleg kjem frå Arendal.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho hadde ingen kjennskap til jakt frå før av, men då ho starta på dressurkurs med den nå 4 år gamle gordon setteren Atika som kvalp, blei ho invitert med på ein jentekveld på leirduebanen av kursinstruktør Kristine Riis Brauti.
Slik blei Evja kjent med haglegeværet, og etter det eit fast medlem på skytebanen.
– Men det er absolutt ikkje det same som skjer med ei leirdue og ein fugl, altså. Ute på jakt flyg ikkje fugelen bare i éi retning. Men det er heilt klart greitt å ha litt trening før ein reiser på jakt, seier ho.
Året etter at hunden var kome i hus tok Evja jegerprøva, og alt låg til rette for å bli med mannen Erik på jakt.
Gjere noko saman
Den fyrste turen på fuglejakt med hagle i handa blei ei flott oppleving, sjølv om det ikkje blei fangst.
– Eg er glad i å vere i skogen og ute i naturen. Og halve poenget med å ta jegerprøva var å ha ein hobby saman med Erik. Det høyrest kanskje litt rart ut at ein synest det er koseleg å traske i fjellet i time etter time utan at ein seier så mykje til kvarandre. Men det er veldig kos og triveleg, smiler Evja.
Til Myklemyr
Ho fortel at jaktturane går i fjellet kring Vehuskjerringa i Vinje.
– Svigerfar min leiger Myklemyr, ein gamal staule som me brukar halvanna time på å gå til. Det er ei lita stoge utan straum, og me stortrivst med å vere der. Me brukar hytta året rundt, heile familien. Det er triveleg, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
Myklemyr var base for jaktturen førre helg også. Og på sundagen rusla hund og jegerar av garde på leit etter fugl.
– Då me gjekk til hytta dagen før kom me over to orrhøner i vegen. Det var alt me såg av storfugl den helga. På jaktturen dagen etter såg me mykje rype, men det er ikkje så om å gjere å skyte så mange for meg, seier Evja, og legg til: Det er det å kome seg ut på tur som er viktig.
Ho synest også det er moro å sjå om hunden reagerer slik han skal når ho treffer på fugl.
– Ho er ennå litt ivrig, den eine rypa eg skaut var frå ein flokk Atika skremte opp. Eg fylgde etter flokken og fann rypene att. Den andre rypa eg skaut datt då Erik hadde Atika i band, fortel Evja.
Held fast på hagla
I fjor haust blei Evja med mannen på elgjakt, men det freistar lite å bli med på ny – ho kjenner at storviltjakt ikkje freistar.
– Eg likar fuglejakta mykje betre. Eg likar godt å vere ute i naturen, og på fuglejakt går ein i time etter time i fjellet. Førre helg gjekk me i åtte timar på leit etter fugl. Det skjer noko inne i kroppen når ein får auge på fuglen. Det er kjempespennande, smiler ho.
Men Evja blir ikkje lei seg om sekken er tom etter timar på jakt i fjellet.
– Blir det ikkje fugl, blir det uansett kjempefine turar. Snart er eg klar for ein ny tur til fjells, smiler Evja.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fakta om rypa
Jakt på fjellrype og lirype er lovleg frå 10. september til 28. februar, men jakt og fangst er ikkje lovleg i joledagane frå 24.-31. desember
For jerpe, orrfugl og storfugl er jakttida 10. september til 23. desember.
Rypa høyrer til skoghønsfamilien og i Noreg finn ein to artar av rypa: lirype og fjellrype. Hofuglen blir kalla høne, og hannen stegg.
Lirypa er monogam, begge partar tar del i oppføring av kyllingar. Reiret er som oftast skjult i eit kratt og ei fordjuping i bakken.
Søkjer etter tungmetall i lirypa
Norsk institutt for naturforsking (Nina) har dei siste åra samla inn liryper slik at dei kan undersøkje innehald av tungmetall. Dekninga er god for store delar av landet, men dei ynskjer framleis meir frå Telemark og Agder-fylkene. Nina hadde ei liknande undersøking i år 1990 og 2000, og nå ynskjer dei å gjennomføre ei ny. Hans Christian Pedersen ved Nina ynskjer hjelp frå jegerane. Jegerar som ynskjer å vere med på dette får ein kompensasjon for innleverte ryper.