Det var ein rørt og stolt Torgrim Otterholt som fekk Tokke kommune sin kulturpris for 2009.
Det var ein rørt og stolt Torgrim Otterholt som fekk Tokke kommune sin kulturpris for 2009.

Audmjuk og rørt kulturprisvinnar

Torgrim Otterholt fekk Tokke kommune sin kulturpris for 2009. Det var ein audmjuk og rørt prismottakar som tok i mot prisen under Familiedagen ved Vest-Telemark Museum sundag.

– Torgrim Otterholt har lagt ned svært mykje arbeid med tanke på Lårdal Bygdemuseum i Eidsborg og seinare i det nyskipa Vest-Telemark Museum. Han har også vore svært aktiv på mange andre område både lokalt, regionalt og nasjonalt. Me kan dele hovudinteressene til Torgrim inn i tri bolkar, nemleg skule og kultur, jord- og skogbruk og militæret, sa leiar i kultur- og oppvekstutvalet i Tokke, Thor Arne Heggtveit under prisutdelinga sundag.

– Engasjement er viktig

Heggtveit sa også at det er trong for friviljug engasjement om ein skal få eit rikt kulturliv i kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kraft og kultur blir brukt som slagord for Tokke kommune, og det blir bruka mykje pengar på kultur. Det offentlege kan legge til rette og vere med på å gje gode tilhøve for kulturarbeidet, men det offentlege kan aldri erstatte initiativ og arbeid som skjer på friviljug basis, sa Heggtveit.

Stolt prisvinnar

– Eg er stolt over å ta i mot denne prisen. Det er ei stor oppmuntring og glede over at det arbeidet ein har lagt ned blir sette pris på. Samstundes er det så uendeleg mange som har lagt ned mange dugnadstimar. Såleis er eg ein av mange, så ein tydeleg rørt prisvinnar.

Otterholt takka også for alle dei fine orda som Heggtveit kom med, og han takka for samarbeid og tillit.

– Og så er eg nøydd til å takke kona Bodil og familien som har støtta meg. Takk til alle på museet som er med på å inspirere meg. Og så må eg seie at eg trivst spesielt godt blant ungdom, smiler Otterholt.

Underhalding etter ynskje

Det var underhaldning i form av song og musikk, og det var etter Otterholt sitt eige ynskje at systrene Erikstein og Kirsti Skålid skulle syngje. I tillegg spela Tarjei Johre piano.

– Eg var eigentleg litt redd for at det skulle bli felemusikk. Ikkje noko gale med det, men eg er oppteken av at det skal vere kultur for alle. Derfor ynskte eg desse syngejentene, smiler Otterholt.

Han la også vekt på kor viktig han meiner kulturen er for at folk skal finne seg til rette i Vest-Telemark.

– Eg har ein draum

– Eg har ein draum om at alle som kjem til Vest-Telemark skal føle seg heime, same kvar dei kjem frå. Derfor har eit allsidig kulturliv så uendeleg mykje å seie. Draumen er at me skal ha noko å tilby alle innan kulturlivet, avslutta ein tydeleg rørt prisvinnar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Otterholt fekk også rosande ord av museumsdirektør Dag Rorgemoen og styremdlem Sigrunn Lie Brattekås. Fungerande kultur- og oppvekstsjef Tove P. Haavelmoen hadde skrive ei ode til Otterholt som ho las. Ei skikkeleg flott ode var det.