Nav ved Gerd Kari Skaalen
Nav ved Gerd Kari Skaalen

Nyttig norskkurs

Sist haust fekk Nils Gjerde, næringssjef i Tokke kommune spørsmål frå Hermann Betten om dei kunne hjelpe til med å arrangere norskkurs for nokre tilsette ved Dalen Mekaniske. Det heile blei ein stor suksess.

Kultur- og oppvekstsjef Tove Palmork Haavelmoen tok kontakt med Vest-Telemark ressurssenter og Nav, og det tok ikkje lang tid før samarbeidsprosjektet var eit faktum.

– Hermann Betten ved Dalen Mekaniske hadde tilsett nye arbeidarar frå EØS-området, og han hadde eit sterkt ynskje om at dei skulle lære seg norsk snarast råd. Vest-Telemark ressurssenter kontakta Hans Eikland Lunde som er pensjonert lærar. Han var viljug til å stille opp og lære bort norsk språk og samstundes lære dei korleis me lever og bur i det norske samfunnet, fortel Haavelmoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Deltakarar frå åtte nasjonalitetar var med på kurset, og Haavelmoen var imponert over alt dei hadde lært på kurset som blei avslutta i vinter.

– Dei synte eit stort engasjement, og eg er imponert over kvaliteten på norskkunnskapane, seier ho.

Under avslutninga av kurset hadde kursleiar Eikland Lunde ei uventa utfordring på lur for kursdeltakarane. Dei fekk i oppgåve å improvisere dramaframsyningar.

– Det var rett og slett moro å sjå kor godt dei takla utfordringane, smiler Haavelmoen.

Alle involverte partar uttaler at samarbeidsprosjektet har vore ein suksess, og no ser Haavelmoen føre seg at tilsvarande prosjekt kan vere noko å tenkje på i litt større skala.

– Kanskje kan samarbeidet utvidast til å bli eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane og næringslivet i Vest-Telemark. Alle kommunane i vestfylket ynskjer fleire innbyggjarar, og då er det viktig at dei blir integrert i samfunnet snarast råd. Akkurat det har prosjektet vårt vore med på, avsluttar Haavelmoen.