Dag Rorgemoen (t.v.) og Tilman Hartenstein heng opp eit av fotografia til Jostein Hellevik.
Dag Rorgemoen (t.v.) og Tilman Hartenstein heng opp eit av fotografia til Jostein Hellevik.

Dyrisk på museet

Staslege pynteting og element frå naturen er det som pregar sommarens utstillingar i Vest-Telemark museum.

Fotografi av fuglar, små og store, også sommarfuglar, blir i desse dagar hengt opp på veggane i Vest-Telemark museum i Eidsborg. Fotograf er Jostein Hellevik på Døli i Skafså. Alle motiva er fotograferte i Tokke. Hellevik har i nokre år hatt besøk av naturfotografar frå fjern og nær som har fått oppleve det rike dyrelivet i kommunen. Mellom anna har eit team frå britiske BBC vore på besøk og filma.

– Rett utanfor døra vår har me kanskje noko av den råaste naturen og rikaste dyrelivet i landet, smiler museumsdirektør Dag Rorgemoen når han ser på fotografia til Hellevik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fotoutstillinga er ei av fire sommarutstillingar.

Sesongstart

Årets museumssesong tek for alvor til sundag. Då inviterer museet i Eidsborg til ei kulturell opning med nye utstillingar, musikkinnslag av Jonny Kvaale Bjerk, og med ein kafémeny som står i stil med utstillingane.

– Me har fire nye utstillingar som dei besøkande vil oppleve frå og med sundag. I tillegg til ei allereie stor knivutstilling, har me no sett søkjeljoset på gullknivar. Mi hypotese kring dei flotte pyntetinga er at dei aller fyrste knivane i gull kom frå Vest-Telemark, og det gjorde dei etter andre verdskrig, seier Rorgemoen.

May Britt H. Lundevall presenterer telemarksteppe i fleire variantar.
May Britt H. Lundevall presenterer telemarksteppe i fleire variantar.
Her ein gullkniv laga av Torgeir Omsberg frå Dalen.
Her ein gullkniv laga av Torgeir Omsberg frå Dalen.

Han har nesten rett. Den fyrste gullkniven me kjenner til er frå Trondheim, laga av Hakon Napoleon Blikstad (1827-1890). Truleg blei kniven laga rundt 1880.

– Ser me vekk frå den kniven, viser det seg at stort sett alle gullknivane er laga etter 1945, og gjerne i Vest-Telemark, seier Rorgemoen.

Han har god kontakt med knivsamlarar frå heile landet, og soleis har museet fått låne fleire gullknivar for å utvide utstillinga i sommar.

Gullknivane er kostbare og derfor er det ikkje laga så mange av dei. Det ypparste av staslege pynteting, vil nok mange omtale dei som.

– Litt jålete kan hende, smiler Rorgemoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Telemarksteppe

Skilbragd er ein eigen teknikk som ofte blei nytta for å veve mønstrete og gjerne fargerike pynteteppe. Ofte var det store variasjonar i mønstra, og derfor var teppa veldig individuelle i utsjånad.

På Vest-Telemark museum er det stilt ut både nye og gamle teppe frå regionen, men teknikken og stilen er ikkje spesiell for Vest-Telemark. Ein finn tilsvarande teppe frå andre landsdelar også.

– Det er mønstra og fargesamansetjinga som i hovudsak er forskjellige. I Telemark kallar me sjølvsagt teppa for telemarksteppe. Det spesielle med skilbragd er at det blir brukt tre trøer på veven, forklarer tekstilansvarleg May Britt H. Lundevall.

I museet er det utstilt originale gamle teppe, og nye teppe som er kopiar av dei gamle. Det blei stort sett brukt plantefargar i dei eldre teppa.

Naturen innafor døra

Ei annleis utstilling blir det å sjå åtte utstoppa elgar på museet i Eidsborg. «Dykkar Majestet», skogens konge på utstilling heiter utstillinga som kanskje vil overraske nokon kvar. For oss som bur i regionen er ikkje synet av elg så uvanleg, men for mange andre er det ganske eksotisk å sjå elgen på nært hald, daud eller levande.

– Me har flytta oss ut i naturen, og utstillinga er mynta på bygdefolk, turistar, jegerar og andre som har sansen for skogens konge, forklarer Rorgemoen.

Rekvisittutstillinga har ikkje vore på Austlandet tidlegare. Frametter hausten blir det også forskjellige arrangement på museet mellom anna i samband med elgjakta.

– Det blir høve til å ta på elgane, og få meir fakta om dyret. Det blir også vist bilete og film, seier formidlingsansvarleg Tilman Hartenstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Museet samarbeider med Faun naturforvalting i samband med utstillinga. Kafeen i museet fylgjer opp utstillinga med å ha mellom anna viltburger på menyen.