Skogeigarane kan tene på biofabrikk
Dagens etablering av eit tomteselskap i Åmli med 55 millionar kroner i kapital kan gjere at det blir bygd ein biodrivstoffabrikk på arealet ved Noregs største sagbruk. –Å få denne fabrikken vil vere utruleg viktig for skogeigarane i Vest-Telemark, seier direktør Johan Mørland ved sagbruket i Åmli.
På Jordøya 12 kilometer sør for Åmli sentrum har trelastkonsernet Bergene Holm AS, avdeling Nidarå, Noregs største sagbruk, fleire turker og høvleri. Det er 85 tilsette i verksemda som ligg på ei øy omkransa av ei delt Nidelva i området, vatnet som kjem frå Nisser og Fyresvatn. Sagbruket i kommunen som grensar til Nissedal held transportkostnadene på eit lågare nivå, noko som kjem skogeigarane i Vest-Telemark til gode.
Nå er det nye planar på Jordøya som vil føre til at skogeigarane mellom anna i Vest-Telemark kan få meir betalt for tømmeret. Bergene Holm har danna dotterselskapet Biozin der målet er å byggje ein fabrikk til om lag to milliardar kroner som kan gjere alt av trevirke, også blad og barnåler, om til biodrivstoff. Etableringa er aktuell fleire stader i Noreg, men Åmli kommune har kome lengst med tanke på tilrettelegginga av tomt. Dermed ligg det godt an til at Biozin vel å byggje biodrivstoffabrikken på ei 130 dekar stor tomt på Jordøya, like ved det enorme sagbruket.
Artikkelen held fram under annonsen.
20 millionar på plass
I kommunehuset i Åmli sit ordførar Reidar Saga med eit stort smil, men også i spenning om det kjem ein biofabrikk.
– På Jordøya er det ferdig regulert eit større område, noko er opparbeidd og det er bygd veg. Me ligg gunstig til. Å få ein fabrikk med 75 arbeidsplassar er noko ein bare kan gå og drøyme om. Og ein fabrikk genererer aktivitet rundt i bygdene, så ein kan nok tenke at det totalt vil gje 150 arbeidsplassar, seier Saga.
– Trur du ein fabrikk på Jordøya blir ein realitet?
– Eg er optimist, kjem svaret raskt.
Ei av årsakene til at ordføraren kan vere optimist, er positive signal frå andre i Aust-Agder til å vere med i eit regionalt tomteselskap. Dette selskapet skal få inn totalt 55 millionar kroner som skal gå til å gjere fabrikkarealet byggjeklart. Bidrag frå dei åtte kommunane i Austre Agder og seks millionar kroner frå Aust-Agder fylkeskommune har ført til at det no er på plass 20 millionar kroner i aksjekapital i det nye selskapet.
– Det er ei bragd å få dei åtte andre med på å investere i Åmli. Summen på 20 millionar kroner håpar me gjev grunnlag for å låne resten for å kome opp i 55 millionar kroner, seier Saga.
Avgjerd før nyttår
– Kva med å spørje kommunar i Vest-Telemark om å gå inn med aksjekapital?
– Det kunne vore aktuelt med store skogkommunar som Fyresdal og Nissedal, men me valte å stoppe med dei som er i regionsamarbeidet i Austre Agder, svarar Åmli-ordføraren.
Artikkelen held fram under annonsen.
Åmli kommune blir største aksjonæren med 12 millionar kroner, inkludert eit alt opparbeidd næringsområde til ein verdi av 10,3 millionar kroner i det tenkte fabrikkområdet på Jordøya.
– Jordøya tomteutvikling AS blir stifta 30. mai. Me vil ikkje bruke mykje pengar på å gjere tomta klar før Biozin seier dei vil byggje fabrikken. Men me legg nok arbeidet ut på anbod og gjer klart så mykje som mogleg. Det er venta at Biozin skal ta ei avgjerd innan utgangen av dette året, seier Saga.
Det er laga ei intensjonsavtale mellom Åmli kommune og Biozin som eit ledd i klargjering av rammevilkåra for den planlagde verksemda. I avtala står det mellom anna at tomteeigar Åmli kommune skal opparbeide det aktuelle tomteområdet.
Vidare har dei to partane laga ei opsjonsavtale der Biozin kan kjøpe tomteselskapet, om ein ikkje lenger ynskjer å betale leige til Jordøya tomteutvikling for å nytte arealet der fabrikken er tenkt.
70–100 kroner meir
– Om det kjem biodrivstoffabrikk på Jordøya, kva vil det ha å bety for skogeigarane, også i Vest-Telemark?
– Kubikkmeterprisen til skogeigarane på Austlandet er i dag 70–100 kroner høgare enn her på massevirke. Eg trur skogeigarane mellom anna i Vest-Telemark vil få høgare pris, og truleg blir det meir hogstaktivitet. Kanskje vil det også dukke opp nisjar i kjølvatnet av biodrivstoffabrikken. Til dømes eit system der ein flisar kvist og kvast rett på ein lasteplan, og leverer det til Biozin, svarar ordførar Saga.
I saksutgreiinga næringsrådgjevaren i Åmli har sendt til andre som er inviterte med i tomteselskapet, står det mellom anna:
«Det er tatt som utgangspunkt at etableringa vil ha stor og avgjerande betyding for framtidig verdi av skogbruket i alle dei åtte kommunane i Austre Agder. Også mange av dei andre kommunane i resten av Agder og Vest-Telemark, for ikkje å seie alle, vil skogbruket ha stor økonomisk nytte av ei etablering av ein biodrivstoffabrikk som blir planlagd på Jordøya.»
Artikkelen held fram under annonsen.
– Utruleg viktig for Vest-Telemark
Bergene Holm As, avdeling Nidarå skjer årleg opp mot 300 000 kubikkmeter tømmer, noko som tilsvarar om lag 7500 tømmerbillass med hengar. Halvparten av tømmerstokkane blir til materiale, resten er kapp, bark, flis og sagmugg. Mangel på norsk industri som kan ta seg av flis og sagmugg, gjer at denne råvara på Jordøya nå blir frakta med båt til utlandet. Det gjev verksemda i Åmli ein kostnad på 20 millionar kroner i året på transporten. Denne utgifta forsvinn om det kjem biofabrikk like ved sagbruket. Biozin har behov for totalt 700 000 kubikkmeter trevirke årleg for å drifte anlegget.
– Å få Biozin-fabrikk på Jordøya vil vere utruleg viktig for skogeigarane i Vest-Telemark, som i dag har veldig lang transport på massevirket. Aukar lønsemda i skogbruket, kan det bli meir hogst. Og då kan me skjere meir tømmer. Me håpar det kjem ein fabrikk her. Det blir ein stor fordel for oss, seier direktør Johan Mørland i Bergene Holm, Nidarå.
Bio-olje
Teknologien Biozin ynskjer å nytte er ny, amerikansk og patentert. Produksjonsmetoden går ut på å setje varme og trykk på flisa og spona tre slik at ein får ut ei oljeblanding av bensin, diesel og parafin. Biozin sender så biodrivstoffet til raffineri der råvarene blir skilde ut kvar for seg.
Krav om meir innblanding av bioprodukt i bensin og diesel er ein fordel med tanke på å etablere Biozin-fabrikk.
Frå Jordøya er det i år sendt 2,5 tonn flyboren flis til USA som skal bli til bio-olje. Prøver av produksjonen skal tilbake til Noreg, og er eit ledd i all planlegginga med tanke på å byggje bioproduksjonsfabrikk.
Fylgjer spent med i saka
Fyresdølen Olav A. Veum er styreleiar både i AT Skog og Skogeigarforbundet. Han fortel at det er fleire spennande og positive initiativ på gang for å lage drivstoff av trevirke.
– Det er kjempeviktig om det kjem ein biofabrikk i nærleiken av skogområda i Agder og Telemark. Bergene Holm er ambisiøs og satsar, det er veldig bra. Me fylgjer spent med på Biozin-planen. Han er spennande samtidig som ein må ha realisme i forhold til lønsemd. Det er viktig og betyr mykje for skogeigarane og fabrikken. Det må vere ein marknad som er viljug til å betale for produktet, seier Veum som er ein betinga optimist.
– Er det aktuelt for AT skog å gå inn med pengar i tomteselskapet og/eller fabrikken?
Artikkelen held fram under annonsen.
–Førebels har me ikkje vurdert å gå inn med kapital, og heller ikkje blitt invitert til det. Men me har gjeve signal om at me skal vere ein konkurransedyktig leverandør av råstoff til fabrikken, svarar Veum.
– Om det kjem biofabrikk på Jordøya, kva prisauke kan skogeigarane i Vest-Telemark rekne med?
– Det er vanskeleg å seie. Men me veit at i dag skil svensk og norsk massevirkepris 50–60 kroner kubikkmeteren, mykje på grunn av lengre transportkostnader her til lands, svarar Veum.
Han er oppteken av at det blir jobba på fleire frontar som kan skape best mogleg verdiar for tømmeret.
– Det me ynskjer aller mest er å få til lokal produksjon, og det vil gje arbeidsplassar og store ringverknader, avsluttar styreleiaren.