Skiskytingas dag utan ski
Den årlege dagen som Fyresdal skiskyttarlag (FSSL) arrangerer, gjekk i år utan ski. Mykje mildvêr hadde gjort til at mesteparten av snøen var vekk.
Det var strålande flott vêr i Veum då startskotet for skiskytingas dag gjekk av laurdag. Sidan det ikkje var særleg med snø att i sporet, fekk deltakarane lov til å bruke apostlanes hestar for å kome seg rundt løypa.
I dag er det rett og slett open dag for alle som har lyst til å sjå kva skiskyting er, og har lyst til å prøve seg på skytebanen, seier Vidar Lyngdal, styremedlem i FSSL.
Artikkelen held fram under annonsen.
Improviserte
I utgangspunktet skulle øvingane vere å gå langrenn på idealtid og fem skot på skytebanen. No blei idealtida rekna ut frå tida deltakarane brukte på føtene og med tillegg eller fråtrekk for resultatet på skytebanen.
Ein av dei fyrste som kom inn på standplass var tiåringen Bjørge S. Djuve. Han trefte ikkje heilt blink.
Dette var rart, eg var heilt sikker på at eg hadde blinkane i siktet, smiler Djuve.
Det gjekk betre for neste deltakar, Mari S. Seltveit. Ho skaut tri treff.
Knut Bjaadal og Helge Veum må seiast å stille i seniorklassa, og karane kom samtidig inn til skyting.
Me må gjere det litt spanande på standplass, kommenterte Bjaadal.
Særleg spanande blei det ikkje for Veum måtte på leit etter barnebarnet som også skulle prøve seg med geværet.
Vondt i skuldra
Sju år gamle Steinar L. Lyngdal la seg også til rette på skytematta for prøve seg på blinkane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er fyrste gong eg prøvar, men eg skal nok treffe, sa ein optimistisk unggut.
Dessverre blei det ikkje treff, men han hadde det moro likevel.
Det var moro å prøve, men eg fekk litt vondt i skuldra. Og så var det litt vrient å sikte skikkeleg, børsa var litt for stor for meg, meinte han.
Emilie Nordbø debuterte også på skytebanen, men heller ikkje ho trefte blinken.
Nei, det var vanskeleg å finne blinken i siktet. Og ikkje veit eg om eg skal drive med skiskyting heller, sa Nordbø (7 1/2 år).