Kraftig nedgang i søknader om erstatning for tap av sau

Fylkesmannen i Telemark fekk 36 søknader om erstatning for tap av sau til freda rovvilt i fjor, medan i 2013 var det heile 115 søknader. I fylket blei det gjeve mest erstatning for dyretap i Fyresdal og Tokke i 2017.

I 2016 blei det sendt 50 søknader til Fylkesmannen i Telemark om å få erstatta sau ein meinte var tatt av rovvilt, medan talet i fjor kom ned i 36 fordelt på 12 kommunar.

I dei 36 søknadene blei det oppgjeve eit samla tap på 119 sauer og 763 lam av besetningane på totalt 10 395 dyr. Bøndene meinte rovvilt hadde skulda for at 93 sauer og 662 lam aldri kom heim att frå beitet. Dette tilsvarar eit prosentvis tap på høvevis 2,49 og 9,95 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gaupa får skulda for tap av 74 sauer og 530 lam. Søkjarane oppgav vidare at jerv stod for eit tap av 10 sauer og 9 lam, ulv 8 sauer og 5 lam og kongeørn 1 sau og 118 lam.

Få tap er dokumentert

I fjor blei det dokumentert 10 tilfelle av sauetap til gaupe og 1 tilfelle til kongeørn, altså tap til to rovviltartar. Dokumentasjonen utgjer bare 1,5 prosent av det talet dyr søkjarane oppgav som tap til freda rovvilt.

Fylkesmannen sa ja til erstatning til 35 av 36 søkjarar, og det blei erstatta 29 sauer og 316 lam. Det inneber at staten har gjeve erstatning for 31,2 prosent av talet sauer som søkjarane meinte var tatt av freda rovvilt og 47,7 prosent av talet på tapte lam.

Samla utbetaling for 2017 utgjer nesten 800 000 kroner.