Hallgeir Lund si meining om at reven blei tatt av ulv, er stadfesta av Statens naturoppsyn. (Privat foto)
Hallgeir Lund si meining om at reven blei tatt av ulv, er stadfesta av Statens naturoppsyn. (Privat foto)

Ulv tok rev på plen

Ved fleire høve siste åra har det vore ulv i Fyresdal, og denne veka har rovdyret igjen vore på ferde i bygda.

Hallgeir Lund, som bur på Gryte i Hegglandsgrend, var onsdag morgon klar til å reise på arbeid. Då såg han ein daud rev på plenen sin.

– Eg stussa på dette. Då eg kom bort til reven såg eg eit kraftig bitt i nakken, som var knekt av. Eg er heilt sikker på at det var ulv. Det var spøner og spor på grusvegen etter han. Ulven hadde ikkje ete av reven – skulle han bare markere revir?, undrar Lund, som meiner hendinga måtte ha skjedd i løpet av natta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Lund kontakta Statens naturoppsyn. Seinare på dagen kom rovviltkontakt Ole Roer for å obdusere reven.

– Eg er 99 prosent sikker på at det er ulv som har tatt han, seier Roer.

Onsdag kveld fekk rovviltkontakten telefon om at det var sett ulv nord for hyttefeltet på Våmur i Fyresdal.

– Det kan passe bra saman med den ulven som tok reven, seier Roer om avstanden.